Trinn 3 - Volda kommune

Trinn 3

Tidleg innsats

Meistring av kvardagen

Slik vil vi ha det:

Vi i Volda tar aktive grep for å meistre livet og daglege
aktivitetar, også når livet endrar seg.

Slik gjer vi det:

  • Vi legg til rette for at innbyggarar i alle aldrar gjer gode helseval og planlegg for endra livssituasjon
  • Vi samarbeider på tvers av tenester for heilskapleg og koordinert oppfølging av familiar og den einskilde
  • Vi sikrar at barn og unge med ulike utfordringar er del av eit fellesskap
  • Vi tilbyr lett tilgjengelege gruppetilbod, kurs, råd og rettleiing for at innbyggarane kan meistre eigen livssituasjon

 

Dette kan du gjere sjølv:

  • Gjere det du kan sjølv, før du oppsøker hjelp.
  • Delta i gruppetilbod som passar for deg.
  • Undersøkje kva støtteordningar som finst for å delta i aktivitetar og i arbeids-, utdannings- og bustadmarknaden.
  • Spørje om familie, vener eller naboar treng hjelp til å bli kjende med kva dei kan gjere sjølve og kva tilbod som finst.

 

Les meir om trinn 3

 

Tilbake til trappa