Trinn 5 - Volda kommune

Trinn 5

Bistand til vanskelegstilte på bustadmarknaden

Bustader som kommunen eig, formidlar eller støtter

Slik vil vi ha det:

Innbyggarane i Volda skal ha ein trygg heim. Dei som ikkje kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden, skal få bistand til å skaffe eller behalde ein eigna bustad.

Slik gjer vi det:

  • Vi gir råd og rettleiing
  • Vi nyttar tilgjengelege økonomiske støtteordningar for å sikra økonomisk vanskelegstilte ein bustad
  • Vi utviklar eit differensiert bustadtilbod gjennom samarbeid med private utbyggarar
  • Vi tilbyr høvelege bustadar for leige og eventuelt kjøp . Bustadane inngår i kommunen si overordna 
  • bustadplanlegging
  • Vi har tilstrekkeleg kommunalt disponerte bustader for å sikre at vanskelegstilte på bustadmarknaden får ein eigna bustad
  • Vi sikrar mellombelse butilbod for personar som står utan bustad.

 

Dersom du ikkje klarer å skaffe deg bustad på eiga hand, eller ta vare på eigen bustad, kan du søkje om oppfølging.

Dette kan du gjere sjølv:

  • Oppsøkje råd og rettleiing så tidleg som mogleg.
  • Tenkje over kva du kan gjere for å tilpasse eigen busituasjon.
  • Formidle behovet ditt for støtte til å meistre å bu.
  • Ta i bruk nødvendige hjelpemiddel for å bu trygt heime.
Les meir om trinn 5 - Bistand til vanskelegstilte på bustadmarknaden

 

Tilbake til trappa