Trinn 6 - Volda kommune

Trinn 6

Leve godt i eigen heim

Familie-/pårørandestøtte, praktisk bistand og opplæring

Slik vil vi ha det

Unge og eldre skal få leve eit aktivt og trygt liv i eigen heim. Også i periodar du treng praktisk støtte og rettleiing.

Slik gjer vi det

  • Vi sikrar brukarmedverknad og sjølvbestemming ved å ta deg med på råd 
  • Vi legg til rette for at barn, unge og familiar med særlege behov får bu med familien så langt det er mogleg. Kommunen og føresette samarbeider om omsorgsansvaret 
  • Innbyggarar som lever under forhold som kan skade helse og utvikling blir ivareteke, så ein får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid 
  • Vi gir støtte til familien og praktisk bistand som styrkar familien si evne til å stå i omfattande omsorgsoppgåver over tid 
  • Vi hjelper deg med ulike tiltak for å styrke deg til å leve godt i eigen heim • Vi sikrar heilskaplege og koordinerte teneste

Korleis opprettheld du den gode kvardagen?

Det kan handle om å styrkje og ta vare på evna til å bu heime, få støtte i krevjande omsorgsansvar eller ulike former for (re)habilitering.

Dette kan du gjere sjølv:

  • Oppsøkje informasjon, råd og rettleiing for å meistre kvardagen.
  • Tenkje over kva du meistrar på eiga hand, og gjere det du kan.
  • Tenkje over kva slags støtte du treng for å stå i kvardagen over tid.
  • Undersøkje kva støtteordningar som finst i frivillig, privat og kommunal regi.
Les meir om trinn 6 - Leve godt i eigen heim

 

Tilbake til trappa