Har du behov for bistand i kvardagen? Slik kan du halde fram med å bu heime.
Helseutfordringar skal ikkje vere til hinder for å oppleve tryggleik og gode kvardagar heime.
Dette kan du gjere sjølv:
Ta i bruk dei teknologiske hjelpemidla som finst.
Bidra til god dialog med tenestene du får tilbod om.
Tenkje over kva for gjeremål du kan meistre sjølv, og kva du kan klare med litt bistand.
Seie frå dersom behovet ditt endrar seg, anten til det betre eller verre.