Trinn 8 - Volda kommune

Trinn 8

Bustader med tilgang til fellesfunksjonar 

Nye buformer, samlokaliserte bustadar, tilgang til tenester i heimen

Slik vil vi ha det:

Innbyggarane i Volda har tilgang til ulike buformer tilpassa eigne behov. Når funksjonsevne eller alder gir behov for tenester i heimen og meir tilrettelegging, kan ein flytte til bustader med fellesfunksjonar.

 

Slik gjer vi det:

  • Vi samarbeider med private aktørar om utvikling av nye buformer (både eige og leige) , med aktivitetsfremjande inne- og uteareal. Bustadane har nærleik til butikk, offentleg transport og gjerne ulike helse-, kultur- og servicetilbod
  • Vi legg til rette for samlokaliserte bustader med velferdsteknologiske løysingar og fellesfunksjonar som gir tryggleik og stimulerer til sosiale fellesskap og kulturelle aktivitetar, med låg grad av bistand
  •  Vi tilbyr helsehjelp og praktisk bistand i eigen heim
  • Vi set av areal sentralt i kommunen til bustader med fellesfunksjonar og aktivitetsfremjande uteareal

 

Samlokaliserte bustadløyvingar med moglegheit for oppsøkjande tenester.

Dette trinnet er for deg med særlege behov på grunn av alder eller funksjonsfall.

Dette kan du gjere sjølv:

  • Busetje deg nær butikk og eventuelt andre tenester som legekontor, fysioterapeut og servicetilbod.
  • Vurdere utbetringar for å gjere bustaden meir tilrettelagd for å ta imot tenester.
  • Tenkje over kva som fremjar fysisk og sosial aktivitet, både inne og ute.
  • Formidle kva som gir deg tryggleik og stimulerer til fellesskap og aktivitet, med låg grad av bistand.
  • Vurdere om du og nettverket ditt kan gå saman om nye buformer for framtida.
Les meir om trinn 8 - Bustader med tilgang til fellesfunksjonar

 

Tilbake til trappa