Trinn 9 - Volda kommune

Trinn 9

Tidsavgrensa opphald 

Målretta og tidsavgrensa tiltak

Slik vil vi ha det

Innbyggarar i Volda som har omfattande behov for helseog omsorgstenester for ein periode, kan få tidsavgrensa opphald der det er vurdert som føremålstenleg.

Slik gjer vi det

  • Vi avklarar rett innsats gjennom heilskapleg og tverrfagleg kartlegging 
  • Vi gir kommunal «øyeblikkeleg hjelp» og medisinsk behandling 
  • Vi gir omsorgstilbod i fosterheim/beredskapsheim 
  • Vi rehabiliterer innbyggarar etter funksjonstap, slik at dei blir i stand til å meistra kvardagen i eigen heim 
  • Det er moglegheit for avlasting og støtte til pårørande som står i omfattande omsorgsoppgåver over tid 
  • Vi tilbyr oppfølging ved livets slutt

 

For deg som treng tidsavgrensa tenester utanfor heimen

Tidsavgrensa tilbod er raske og kortvarige. Dei skal førebyggje funksjonsfall, verke rehabiliterande og vere avlastande.

Dette kan du gjere sjølv:

  • Informere om situasjonen din slik at rett og tidleg innsats kan setjast i verk.
  • Tenkje over kva du kan gjere sjølv, og kva du treng hjelp til.
  • Følgje råd og rettleiing frå helsepersonell om rehabilitering.
  • Delta i gruppetilbod som blir tilbydde.
  • Formidle kva du treng for å stå i omsorgsoppgåvene dine over tid.
Les meir om trinn 9

 

Tilbake til trappa