Sektor oppvekst Alle tenster som rettar seg mot barn, unge og undervisning og kvalifisering for vaksne er samla i sektor for oppvekst. Dette gjeld til dømes barnehage, skule, helsestasjon, norskopplæring for vaksne, kvalifisering og busetting. Denne sektoren vert leia av kommunalsjef Per Ivar Kongsvik. Kontaktinformasjon finn du lenger ned på denne sida. Avdeling barnevern Avdelingsleiar er Aina Øyehaug Opsvik. Barnevernstenesta er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Hareid, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta. Volda er vertskommune og har ansvar for administrasjon og drift av tenesta. Administrasjonen held til på rådhuset i Volda. Avdelinga er delt i fire seksjonar: Mottak/undersøking Tiltaksteam 1 / familieteam Tiltaksteam 2 / oppfølging av einslege mindreårige Omsorg Avdeling helsestasjon Avdelingsleiar er Gitte Edvardsen. Volda helsestasjon held til i kjellaren på rådhuset og har ope kvardagar 08.30 – 15.30. Torsdagar er helsetasjonen ope frå kl. 13.00 – 15.30. Telefonnummer til helsetasjonen er 700 58 820. Avdeling Hornindal held til på helsesenteret på Grodås. Der vil vere helsestasjon og skulehelseteneste 3 dagar pr veke. Mobilnummer er 47458465. Helsestasjon for ungdom (opp til 20 år) og studentar (opp til 25 år) held til i paviljongen ved Øyra barneskule, og har ope tysdagar og torsdagar frå kl. 14.00 – 16.30. Helsestasjonen har også ansvar for : Svangerskap og barselomsorg Helsestasjon 0 – 5 år Skulehelseteneste Psykologteneste Folkehelsekoordinator Meir informasjon kan ein finne på Helsestasjonsportalen Søre Sunnmøre. Avdeling barnehage Avdelingsleiar er Bodil Brautaset. I Volda kommune er det sju kommunale og seks private barnehagar. Barnehagar i Volda Kommunale Private Bratteberg Hjellbakkane Engeset Rotset Folkestad Røysmarka Hornindal Trollsletta Lauvstad Tunåsen Oppigarden Volda opne barnehage Mork Øyra Avdeling skule Avdelingsleiar er Lene Nupen. Tenesta er ansvarleg for grunnskuleopplæring, kulturskule og logopedteneste. Det er sju kommunale grunnskular og ein privat skule i kommunen. Mork skule Øyra skule Bratteberg skule Hornindal skule Folkestad skule Dalsfjord skule Volda ungdomsskule Ulvestad barneskule (privat) Her finn du meir informasjon om kulturskulen i Volda kommune. Avdeling vaksenopplæring og kvalifisering Avdelingsleiar er Kjell Tore Aarstad. E-post: rektor.vls@voldaskulen.no, Mobil.: 413 71 120 Tenesta har ansvar for grunnskule for vaksne, norskopplæring og kvalifisering og busetting. Sist endra 31.03.2023 04:50