Sektor samfunnsutvikling

Sektor samfunnsutvikling

Her er kontaktinfo for tenester knytt til brann, veg og park, vatn og avløp, eigedom eller utvikling (byggesak, planlegging, kart og oppmåling).

Sektor for samfunnsutvikling er organisert med seks avdelingar med om lag 120 årsverk.

Ansvarsområdet til sektoren er stort og har ei nøkkelrolle med omsyn i å utløyse auka verdiskaping i kommunen på fleire felt.

Liste med kontaktinformasjon finn du heilt nede på denne sida.

Sektoren ønskjer å følgje opp visjonen «Der teknologi og tradisjon møtest» ved å vere ein god tilretteleggjar for lokalsamfunnet

Arbeidet med kommunereform og strukturendringar, små som store, har lagt grunnlaget for ein organisasjon som er «sydd» saman på ein god måte» for å møte innbyggarane sine behov framover.

Likefullt vil det vere naudsynt å vere dynamiske og ha endringskultur i organisasjonen slik at ein når dei krav og målsetjingar som vert satt av kommunestyret til ei kvar tid.

Viktige telefonnummer

Sektor for samfunnsutvikling har avdelingar knytt til Brann, veg og park, vatn og avløp, eigedom og utvikling (byggesak, planlegging, kart og oppmåling).

Brann og redning

  • Nødnummer ved brann og ulykker: 110
  • Servicetelefon til Møre og Romsdal 110 sentral:  70 11 99 99
  • Brannvakt i Volda tlf: 911 52 110

Teknisk vakt

  • Teknisk vakt gjeld områda for veg, vatn , avløp og kaier/hamner i Volda kommune.
  • Teknisk vakt i Volda kommune kan nåast på telefon 901 78 008

Eigedom

Avdelingar i kommunen

  • Akutte hendingar kontakt byggvakt på 909 34 021.
  • Andre generelle henvendingar og melding om avvik tek ein gjennom www.FamacWeb.no.

Innbyggarar

  • Vakttelefon 909 34 021

Andre førespurnadar

Sektoren har fast kontorstad på Volda rådhus og ein gjer avtale ved å ringe:

Sentralbordet på +47 70 05 87 00 

I ei periode framover vil ein og ha kontordagar på Grodås måndag, onsdag og fredagar. Du finn oss på Smia og  avtale gjer ein ved å ringe sentralbordet på +47 70 05 87 00 

Her finn du andre viktige telefonnummer i Volda kommune. Om du leitar etter ein konkret person, kan du også søkje etter tilsette i kommunen.

Generell informasjon om sektor for samfunnsutvikling

Sektoren vert leiar av kommunalsjef Jarl Martin Møller. Møller kan kontaktast per telefon 975 06 761.

Sektoren har som overordna mål å yte gode tenester med høg kvalitet, god budsjettdisiplin, samhandling og koordinering på tvers av sektorar og avdelingar for å nå dei mål og rammer som er satt av kommunestyret og administrativ leiing.

Vi skal best mogleg sikre likeverdige tenester til innbyggarane og legge til rette for heilskapleg og samordna samfunnsutvikling.

Vi må gjennom verksemda vår vise handling knytt til økonomi, bærekraft, miljø og stimulere til at arbeidsplassen er utviklande og attraktiv for dei tilsette.

Avdelingar og ansvarsområde

Her er ei kort utgreiing av kva ansvarsområde dei ulike avdelingane i sektoren har, slik at du lett kan finne ut kven som er rett kontaktperson for tenestene vi leverer.

 

Brann

Avdelingsleiar er Roy Inge Heltne.

Ansvarsområdet omfattar brann og redning og skal følgje opp brannlova §1 sitt formål om å verne liv, helse, miljø og materielle verdiar mot brann og eksplosjon, mot ulykker med farlig stoff og farlig gods og andre akutte ulykker, samt uønska tilsikta hendingar.

Tenester i avdelinga er innsatsstyrke ved brann og ulykker, akutt forureining, tilsyn med særskilte brannobjekt, feiing og tilsyn med fyringsanlegg i bustadar og fritidsbustadar, informasjon og kampanjer om førebyggande brannvern, handsaming av melding om overnatting eller større arrangement, løyve til sal og lagring av pyroteknisk vare, løyve til bålbrenning, melding om sanert oljetank.

Heltne kan kontaktast per telefon: 971 49 658

Eigedomsavdelinga

Avdelingsleiar, Kjell Magne Rindal

Ansvarsområdet har eitt samordna ansvar for ei forsvarleg, fagleg, rasjonell og kostnadseffektiv eigedomsforvaltning.

Forvalting av kommunen sine eigedomar slik skal vere berekraftig og ein skal ivareta brukarane sine behov for gode, raske og tilfredstillande løysingar.  

Seksjonsleiar reinhald, Wenche Skjærvik

Seksjonsleiar vedlikehald og utvikling, Tor Vegard

Seksjonsleiar drift, Odd Harald

Kultur

Avdelingsleiar er Kristina Bjørdal Kostopoulos 

Under kulturavdelinga ligg 

Volda folkebibliotek og Hornindal bibliotek.  Biblioteka har eiga heimesida: https://www.volda.kommune.no/bibliotek/

Volda filmteater (Volda kino). Heiemsida https://voldafilmteater.no/

Ung i Volda (Fritidsklubb. Dei har sider på Facebook og Instagram. 

BUA Hornindal, sjå heimesida: https://www.bua.no/bua-hornindal-selvbetjent/utstyr

BUA Volda, sjå heimesida: https://www.bua.no/utlansordninger/bua-volda

 

Utvikling

Avdelingsleiar er Jørgen Vestgarden.

Ansvarsområdet skal dekkje innbyggjarane sine tenestebehov på ein tilfredsstillande måte innafor tenester knytt til eigedomskattekontor, spelemidlar og idrettsplan, areal-/reguleringsplanlegging, byggje-/ delesakshandsaming, kart/oppmåling, landbruk, oppfølging av ulovleg forureining, overordna kommuneplanlegginga inkl kommunedelplanar, temaplanar, ROS mv, og miljø og klimasaker

Vestgarden kan kontaktast per telefon: 904 70 915

Vatn og avløp

Avdelingsleiar er Lars Fjærvold 

Ansvarsområdet vatn og avløp skal dekkje innbyggjarane sine tenestebehov på ein tilfredsstillande måte.

Ein skal gjennomføre arbeid og prosjekt på ein kostnadseffektiv måte som gir innbyggarane/ brukarane gode, sikre, funksjonelle og kostnadseffektive anlegg med omsyn til framtidige drifts- og vedlikehaldskostnader.

 

Veg og park

Avdelingsleiar er Edvin Løfoll.

Ansvarsområdet skal dekkje innbyggjarane sine tenestebehov på ein tilfredsstillande måte innafor tenester knytt til veg med tilhøyrande infrastruktur inkl. veglys, kyrkje, park, idrettsområde, friområde og leikeplassar, hamn og EKOM (breiband).

Løfoll kan kontaktast per telefon: 918 52 543.

Kontakt

Kristina Bjørdal Kostopoulos
kulturleiar
E-post
Mobil 47 60 63 63
Jarl Martin Møller
kommunalsjef
E-post
Mobil 97 50 67 61
Kjell Magne Rindal
eigedomssjef
E-post
Mobil 91 38 59 52
Tor Vegard Søvik
leiar vedlikehald og utvikling
E-post
Mobil 93 49 02 23
Wenche Skjærvik
seksjonsleiar reinhald
E-post
Mobil 90 15 88 16
Roy Inge Heltne
brannsjef
E-post
Telefon 97 14 96 58
Mobil 97 14 96 58
Knut Øystein Ekroll
branningeniør
E-post
Mobil 99 77 33 70
Kristian Driveklepp
brannmester
E-post
Mobil 91 77 56 59
Jørgen Vestgarden
avdelingsleiar
E-post
Mobil 90 47 09 15
Edvin Løfoll
avdelingsleiar veg/park
E-post
Telefon 70 05 87 16
Mobil 91 85 25 43
Ronny Rotevatn
E-post
Mobil 97 72 19 57
Lars Fjærvold
avdelingsleiar
E-post
Mobil 90 86 38 46
Anders Rogne
seksjonsleiar, vassforsyning og avløp
E-post
Mobil 99 09 79 26