Aasenkvartalet

Aasenkvartalet

Fredag 25. februar 2022 vart det gjennomført tilbodsopning for plan- og designkonkurranse for Aasenkvartalet.

Gjennom ei prekvalifisering er det tre arkitektkontor som har fått tilbod om å levere forslag i konkurransen

 

HVO

Dei tre arkitektkontora som har fått tilbod om å levere forslag er:

  • Ratio Arkitekter AS
  • Fabel Arkitekter AS
  • NSW Arkitektur AS

Dei tre innkomne forslaga er anonyme fram til juryen har ferdigstilt si evaluering av forslaga.

 

Forslaga som er utarbeida viser skisser for eit byggetrinn 1 som består av eit bygg på kring 10.000 m2 som skal etablerast der dagens «Ivar Aasen-bygg» ligg. I tillegg til byggetrinn 1 viser også forslaga skisser av ei volumutbygging og fasadar for ei potensiell vidare utbygging av heile området gjennom eit byggetrinn 2 og 3. Desse byggetrinna har eit lengre tidsperspektiv for ev. realisering, og skissene er meint som eit idékonsept for ei total utbygging av området med eit samla areal på Kring 30 000 m2. 

 

Konkurranseutkasta vil bli evaluert av ein eigen jury som vil foreta ei heilskapsvurdering basert på fylgjande kriterier i uprioritert rekkefylgje:

 

  • Gjennomførbarheit
  • Overordna grep og arkitektonisk kvalitet
  • Fleksibilitet og tilgjengelegheit
  • Miljøløysingar

 

Juryen skal gjennom si evaluering av utkasta finne fram til det eller dei samla sett beste løysingsforslaga og kan kåre inntil 3 vinnarar av konkurransen. Vinnarutkasta vert rangert innbyrdes. Juryen sitt arbeid er i gang, og det er planlagt sluttført  innan utgangen av mars.

 

Når juryen har fullført sitt arbeid vil Volda Utvikling AS invitere vinnarane til forhandlingar om ei prosjekteringskontrakt for Byggetrinn 1 og eventuelle opsjonar for prosjektering av etterfølgjande byggetrinn. Etter avslutta forhandlingar, vil Volda Utvikling AS foreta tildeling av kontrakt til ein av tilbydarane og arbeidet med å utarbeide eit forprosjekt vil starte opp.

 

Plan- og designkonkurransen sitt hovudføremål er å finne fram til gode løysingsforslag/konsept med størst mogleg bearbeidings- og utviklingspotensiale til å kunne tilfredsstille krav og mål i konkurranseprogrammet. Det presiserast difor at dei leverte løysingsforslaga berre er skisser som skal gjennom ein bearbeidingsprosess ved utarbeiding av eit forprosjekt. Løysingane vil gjennom denne prosessen tilpassast føringane for området som blir gitt i reguleringsplanen som er under utarbeiding.

Dei tre arkitektkontora sine konseptskisser vert utstilt i Volda Utvikling sine lokale i Storgata 8 frå måndag 14.03.2022.

Prosjekt 1

 

Presentasjon av prosjekt 1 (PDF, 47 MB)

Prosjekt 2

 

 

Presentasjon av prosjekt 2 (PDF, 39 MB)

Prosjekt 3

 

    

Presentasjon av prosjekt 3 (PDF, 13 MB)