Høyring - Kulturmiljøplan for Volda kommune 2022 –

Bilete av Laurdalssetra i Bjørkedalen - Klikk for stort bileteLaurdalssetra ligg i Laurdalen, 390 m.o.h. og er seter for gardane i Søre Bjørkedalen. Berit Sandvik Skeide Kulturmiljøplan for Volda kommune vert lagt ut til høyring. Den er ei samanslåing av dei to kulturminneplanane for tidlegare Hornindal og Volda kommunar.

Kulturmiljøplanen er utforma som ein temaplan. Den har mål om å gje ei oversikt over kulturminne og kulturmiljøa i kommunen. Den skal angi retning for kommunen sitt arbeid på kulturmiljøfeltet og prioritere tiltak.

Planen skal medverke til å gjere kommunen si historie, sentrale kulturminne og kulturmiljø kjent for fleire innbyggarar, og gjennom dette gje ein felles identitet og stoltheit.

Dokument i saken:

Kulturmiljøplan for Volda kommune 2022

Saksframlegg formannskapet i Volda 10. mai 2022

 

Frist for innsending av innspel er 6. juli 2022.

 

Send innspel på e-post til postmottak@volda.kommune.no, eller på 

digitalt skjema

Kontakt

Kristina Bjørdal Kostopoulos
kulturleiar
E-post
Mobil 476 06 363