Framside planprogram høyringKva er eit planprogram?
Planprogrammet legg rammene for det vidare planarbeidet. Det viser kva kommunen foreslår å prioritere, kva som må undersøkjast nærare, korleis arbeidet skal gjennomførast og korleis innbyggjarar og andre kan medverke. Det gjer også greie for kva typar forslag om endra arealbruk (arealinnspel) kommunen legg opp til å prioritere i revisjonen, og korleis desse skal vurderast.
Kommunestyret vedtok å starte planarbeidet og sende forslag til planprogram på høyring 12. november 2026, i sak 81/26.
Les forslag til planprogram: Planprogram_høyringsutkast (PDF, 7 MB)
Kva kan du kome med innspel til?
Vi ønskjer innspel frå innbyggjarar, næringsliv, lag og organisasjonar og andre interesserte. Vi ønskjer særleg innspel til:
- Kva tema og oppgåver kommunen bør prioritere i planarbeidet.
- Kva typar forslag om endra arealbruk kommunen bør leggje vekt på i revisjonen.
- Korleis planarbeidet bør gjennomførast
Vi ønskjer også tilbakemelding frå bygg- og anleggsnæringa om det er behov for å arbeide vidare med sirkulær masseforvaltning, og om næringa i så fall ønskjer å delta i arbeidet. Temaet handlar om handtering, ombruk og deponering av overskotsmassar frå byggje- og anleggsarbeid. Dersom interessa for å delta er for lita, vil administrasjonen tilrå å ta temaet ut av planprogrammet før det blir fastsett.
Denne høyringa gjeld planprogrammet og rammene for planarbeidet, ikkje konkrete forslag til endra arealbruk. Kommunen vil invitere til slike forslag etter at planprogrammet er fastsett. Informasjon om dette vil bli lagt ut på denne heimesida.
Slik sender du innspel
Du kan sende innspel:
- via elektronisk innspelsskjema: skjema_høyringssvar
- eller per post til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda
Merk innspelet med «Høyringsinnspel til planprogram – kommuneplanen sin arealdel, sak 26/1285».
Frist for innspel er 7. januar 2027.
Etter høyringa vil kommunen gå gjennom innspela og vurdere om planprogrammet bør endrast før det blir lagt fram til endeleg politisk handsaming.
Formelt varsel: Oppstart av planarbeidet og høyring av planprogrammet skjer etter plan- og bygningslova §§ 11-12 og 11-13.
Les kommunestyret sitt vedtak: Lenke til vedtak, sak 81/26