Jordvernstrategi på høyring

Jordvernstrategi på høyring

Korleis tek vi best vare på matjorda vår? Volda kommune har laga eit forslag til ein kommunal jordvernstrategi. Forslaget er no på høyring og vi ønskjer innspel frå alle interesserte innan 20. oktober 2025.

Dyrka mark i Hornindal Børild Skåra

Kvifor jordvernstrategi?

Formålet med jordvernstrategien er å auke kunnskapen om jordbruksareala, styrkje merksemda om jordvernet, redusere omdisponeringa og ta vare på matjorda i kommunen. Strategien byggjer på nasjonale og regionale føringar, lokalt kunnskapsgrunnlag og innspel frå ulike aktørar undervegs i arbeidet. 

Høyring

Kommunestyret i Volda handsama jordvernstrategien i møte 11.09.2025 (sak 52/25), og gjorde vedtak om å sende strategien på høyring. 

Høyringsutkastet og kunnskapsgrunnlaget finn du her:

Jordvernstrategi for Volda kommune - Høyringsutkast (PDF, 13 MB)

Kunnskapsgrunnlag jordvernstrategi Volda kommune (PDF, 8 MB)

Alle som vil kan kome med innspel. Har du synspunkt eller innspel? Send dei skriftleg innan 20. oktober 2025 til: 

  • e-post: postmottak@volda.kommune.no 
  • eller per post: Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda 

Hugs å merke sendinga med: «Høyring – kommunal jordvernstrategi».

Velkomen til ope høyringsmøte 

  • Stad: Samfunnshuset i Volda 
  • Dato: Torsdag 2. oktober Tid: Kl. 15.00–16.30 

På møtet vil kommunen presentere strategien, og det vert høve til spørsmål og innspel frå deltakarane. Vi oppmodar både høyringspartar og andre innbyggjarar til å delta på møtet og til å kome med skriftlege innspel innan fristen.