Fiske

Fiske

Austefjord Grendalag har fått utarbeidd ein rapport om livet i sårbare fjordar og grunne kystområder, "Rapport frå lys- og snurpefiske i Austefjorden i Volda kommune ca 1955-02-02-2020.

Då det for tida er stor interesse for denne saka og rapporten, har vi valt å gjere den lettare tilgjengeleg ved å publisere den her under menypunktet "Fiske". 

 
Bestillar av rapport er Austefjord grendalag i bygdemøte 10.01.2019 med bakgrunn i at bygdefolket i 2018 med fortviling og sinne hadde sett reprise på fyrste gongs nedfisking av lokale, fastståande, fiskebestandar rundt
1960.
 
Bakgrunn for rapport og underskriftsliste av 18.12.2018 var for utsending til Fiskeridirektoratet i samband med at det ikkje vart innført nytt forbod mot bruk av lys ved snurpenotfiske i trange fjordar og grunne områder i Møre og Romsdal, jmf. J-169-2017, etter varsel til Fiskeridirektoratet om kraftig overfiske av botnafisk, lokal sild og anadrome fiskeartar. All fisk i grunne område samlar seg på lys, for djupe nøter når botnen. Resultatet er daude område

Ein vonar å få slutt på andre gongs overfiske på sårbare lokale fiskestammer. Førre gong det same
skjedde i Møre og Romsdal var i tida ca. 1955 – 1972, då lysforbod vart innført etter stor lokal innsats.

Her kan du lese om gamle tradisjonar frå Austefjord notlag/Østefjorden Notlag.