Forureining

Forureining

Kommunen er lokal forureiningsmynde og har ansvar og plikt til å sjå til og følgje opp ulovleg forureining. Større bedrifter sine utslepp regulerast gjennom eigne utsleppsløyve frå Statsforvaltaren.  

Den mest sentrale lova som gjeld forureining er forurensingslova. Lova har følgjande føremål:  

  • Å verne ytre miljø mot forureining og å redusere eksisterande forureining, å redusere mengda avfall og å fremje ei betre handtering av avfall.  
  • Å sikre ein forsvarleg miljøkvalitet, slik at forureining og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skadar naturen si evne til produksjon og sjølvfornying.