Framande artar

Framande artar

Framande planteartar  

Det dukkar stadig opp artar i Noreg som er heimehøyrande i andre delar av  verda. Dei fleste planteartar ein finn i hagar og grøntanlegg er framandartar som er innførte som prydplantar for mange år sidan. Nokre av desse spreier seg aggressivt, og utgjer ein trussel for naturmangfaldet vårt. Desse artane utgjer framandartlista eller "svartelista" som er ei oversikt over artar vi ønskjer å utrydde i Noreg.  

Spreiing av framande artar skjer ofte gjennom planting, dumping av hageavfall, flytting av jordmassar, kantslått, rømming eller frøspreiing. Dersom plantane først får etablere seg og trivast, vil dei snart ta over og fortrenge naturleg heimehøyrande artar. Ein del av årsaka til dette er at mange av dei framande artane ikkje har naturlege fiendar som held dei nede, og at det i utgangspunktet er artar som spreier seg fort.  

I Volda kommune har vi om lag 50 framande planteartar, men dei mest utbreidde framande planteartane er platanlønn, parkslirekne, hagelupin, raudhyll, legepestrot og fagerfredløs. For å ta naturmangfaldet i vare er det viktig å hindre spreiing og redusere førekomstane.  

Forbodne planteartar 

For å sjå oversikt over forbodne planteartar, sjå:  

Unngå spreiing av framande artar frå hagen din (Miljødirektoratet) og Hagerømlingar (Det norske hageselskap). 

Hageavfall 

Hageavfall skal anten handterast i kompostbinge på eigen eigedom, eller leverast til VØR på avfallsmottak etter eigne retningsliner. Uønskte framandartar leverast som brennbart avfall på miljøstasjonen. Etter § 6 i Naturmangfaldlova har alle ei generell plikt til å opptre aktsamt og unngå skade på naturmangfaldet.  

Kva kan du gjere?  

Dette kan du som innbyggjar gjere som å hindre innførsel og spreiing:  

Gjer deg kjend med kva som er framande artar nasjonalt ved å søkje i Fremmedartslista  

Om du har framande artar i din hage må du passe på at desse ikkje spreier seg frå eigedomen din. Om dette ikkje er mogleg bør du vurdere å erstatte planten med ein annan.  

Spreiing frå privat eigedom er ditt ansvar. Sørg for å unngå det gjennom å plante artar som spreier seg med røter i kar eller potter. Artar med frøspreiing er vanskeleg å kontrollere, og bør bli vurdert erstatta.  

Ikkje kjøp framande artar til hagen din frå hagesenter, og ikkje overfør slike artar frå ein annan plass og inn i eigen hage. Sjølv om nokre av dei er fine, og sjølv om du ikkje ser at dei utgjer eit stort problem lokalt, så er dei eit problem ein annan plass og kan fort bli eit problem nær deg. På hagesentera er dei forplikta til å informere om ein art er ein framandart. Dei skal også kunne foreslå alternativ. Sjå denne linken for kva plantar som er anbefalt som erstatning for framande artar: Bli kvitt bøllefrø og pøbelplanter 

Ikkje ta med plantar frå utlandet. Det er i hovudsak forbode. Desse kan opptre aggressivt i vår natur og mangle naturlege fiendar. Innførsel kan spreie både plantearten, og jordorgansimar og sjukdommar som følger jord og plante. Du kan lese meir om regelverket på www.mattilsynet.no. 

Har du god kjennskap til plantar og ønskjer å bidra? Om du finn framande artar i naturen kan du registrere desse i www.artsobservasjoner.no. 

Har du problem med ein framand art er det mykje god informasjon på internett. For nedkjemping av slirekneartar og klasespirea kan du sjå her: Metodar i kampen mot Parkslirekne. (PDF, 79 kB)

Framande artar i Volda 

Under finn du lenker til informasjon om og tips om handtering av dei mest vanlege framandartane i Volda. 

 

Platanlønn 

Platanlønn er eit prydtre som har spreidd seg raskt til nye område. Treet veks raskt, toler skugge og trivast i vårt fuktige klima.  

Sidan rundt 1800 har arten forvilla seg kraftig, særleg i område med lauv- og blandingsskog. Frøa spreier seg med vinden og er svært spiredyktige. Hjort beiter ikkje på treet, noko som gir platanlønn ein fordel i forhold til naturlege treslag som alm og ask.  Arten er vanskeleg å nedkjempe.  

Platanlønn er ein trussel mot det biologiske mangfaldet gjennom at den på kort tid kan endre skogbildet, særleg i lauvskog der beite og anna skjøtsel har opphøyrt. Ungplantar av platanlønn dannar tette busksjikt som skaper skugge, og ligg på våren som eit tett dekke på bakken. Begge deler påverkar andre artar negativt og arten fortrenger dermed den naturlege floraen. 

Status i Fremmedartslista: SE – Svært høy risiko.

Nyttige lenker:  

Informasjon om arten 

Aktuelle tiltak 

    

Parkslirekne, kjempeslirekne og hybridslirekne 

Parkslirekne, kjempeslirekne og hybridslirekne 

Parkslirekne Reynoutria japonica er ei fleirårig plante som dannar store bestandar. Arten fortrenger stadeigne artar blant anna å skilje ut kjemiske stoff i jordsmonnet som hemmar vekst av andre planter. Planta spreiar seg ved hjelp av jordstenglar og det skal ikkje meir til enn ein liten bit av jordstengelen eller stammen så etablerer ho eit nytt område. Plantene blomstrar på seinsommaren og litt utover mot hausten, då får dei klasar med små kvite blomar. 

Parkslirekne vert 1-2,5m høge og har rake stenglar med rød/brun farge. Blada er grøne, stive og 10-20cm lange med ein tydeleg spiss ende.  

Kjempeslirekne Reynoutria sachalinesis er ein del større enn parkslirekna. Ho kan bli opptil 4-5m høg og har store og avlange blad som kan verte 45cm lange. Blada til kjempeslirekna er hjarteforma og har ikkje like tydeleg smal spiss som blada til parkslirekna. 

Hybridslirekne Reynoutria x bohemica er vanskeleg å skilje frå kjempeslirekne. Ho kan verte 4m høg og blada vert opptil 35cm lange. Blada varierer litt i form, frå hjerteform til rett. 

Status i Fremmedartslista: SE – Svært høy risiko. 

Nyttige lenker:  

Informasjon om arten  

Aktuelle tiltak 

  

Hagelupin 

Hagelupin er ei framand, meterhøg urt i erteblomfamilien. Den vart først innført som prydplante og seinare for å stabilisere jordmassar langsmed vegar og jernbanar. Arten spreier seg med både frø og jordstenglar og er eit påfallande innslag, særleg langsmed vegar, over store delar av landet. 

Hagelupinen kan vere vakker å sjå på, men har og negative konsekvensar for økosystema. Den har potensial til å spreie seg aggressivt og utgjer ein trussel for stadeigne plantar.  

For å avgrense spreiinga av hagelupin og verne våre naturlege økosystem, må ein unngå å plante hagelupin i hagar. Du kan framleis ha planten i hagen din, men då må du sjå til at den held seg der. Det er ikkje lov å dele stauda med andre, og utplanting er forbode. Det gjeld også til andre private hagar.  

Status i Fremmedartslista: SE – Svært høy risiko. 

Nyttige lenker:  

Informasjon om arten 

Aktuelle tiltak  

  

Pestrot  

Pestrot er ein framand art som finnast i våtmarker, langs vegar, elvar og i fuktige skogar. Han er kjend for sine store blad og karakteristiske blomstrar om våren. Mest vanleg i Volda er lækjepestrot og japanpestrot.  

Lækjepestrot og japanpestrot 

Lækjepestrot er ein framand art som er innført som pryd- og medisinplante, kanskje allereie i mellomalderen. 

Han er bufast og i auke og vert ofte naturalisert i grøfter, på vegkantar, på vasskantar og andre våte stader og på anna skrotemark. 

Japanpestrot blomstrar i mars-april og har kraftigare om meir grønt preg enn lækjepestrot. Stengelen får breie, lysegrøne blad og blomstrar i kvitt. Denne arten har ekspandert svært raskt på Vestlandet sidan 1980.  

Pestrota breier seg utover med eit kraftig system av jordstenglar og røter. Blada utviklast etter blomstring og kan verte opp til ein meter høge og nesten like breie. De dannar eit tett bladdekke som skuggar ut alle andre plantar. Areal som vert invadert av pestrot blir fort artsfattige.  

Status i Fremmedartslista: SE – Svært høy risiko.

Nyttige lenker:  

Informasjon om lækjepestrot og japanpestrot 

Aktuelle tiltak s. 39 i rettleiaren.

  

Fagerfredløs 

Fagerfredløs kjem opphavleg frå søraust i Europa og trivast på fuktig mark. Den blir mellom 30- 100 cm høy og blomstrar med guloransje blomster parvis i bladhjørnene i krans rundt stilken frå juli til september.  

Fagerfredløs etablerar seg lett i område utanfor hagar, som i skrentar, vegskråningar, grøfter, kratt- og skogkantar og har spreidd seg mykje med hageutkast og flytting av jordmassar til hagar og langs veganlegg.  

Dersom du har denne planten i hagen din har du ansvar for at planten ikkje spreier seg utanfor hagen. Om den skal fjernast må planterestane leverast med restavfall til forbrenning, eller leverast til godkjent mottak for destruksjon.  

Status i Fremmedartslista: SE – Svært høy risiko. 

Nyttige lenker:  

Informasjon om arten  

Aktuelle tiltak s. 41 i rettleiaren