Utsleppsløyve

Utsleppsløyve

Kommunen er forureiningsmynde og er den som gir løyve til separate utslepp av avløpsvatn frå bustader, fritidsbustader og andre bygningar med innlagt vatn. 

Er du eigar av bustadhus, fritidshus, hytte/sel, turistbedrift og liknande som ikkje er tilknyta eller kan tilknytast offentleg eller privat avløpsanlegg med gitt utsleppsløyve, må du søkje kommunen om løyve til å sleppe ut avløpsvatn. Dersom utsleppet berre er gråvatn, gjeld søknadsplikta berre om du har innlagt vatn. Med avløpsvatn meiner ein avløp frå vassklosett, kjøken, bad og vaskerom. Innlagt vatn er vatn frå vassverk, brønn og sisterneanlegg som vert ført innandørs gjennom leidning. Gråvatn er avløp frå kjøken, bad og vaskerom, klosettavløp ikkje medrekna.

Kommunen som forureiningsmynde skal også føre tilsyn med at bestemmelsane og vedtak fatta i medhald av dette kapittelet vert fylgt. Ingen kan utan at det er gitt løyve etablere utslepp av avløpsvatn. Søknad om utslepp skal sendast Volda kommune, teknisk sektor på eige skjema.

Klikk her for å komme til søknadsskjema.