Vinterdrift/brøyting av veg

Vinterdrift/brøyting av veg

Vinterdrift omfattar brøyting, snørydding og ev. bortkøyring av snø (ved større snømengder), høvling av snø-/issole, samt strøing.

Vinterdrift går føre seg frå om lag byrjinga av november til om lag slutten av mars.

Kven har avsvaret?
  • Kommunen sitt ansvar:
    Brøyting og strøing av det kommunale vegnettet med tilhøyrande gang-/sykkelvegar vert utført av Volda kommune, anten i eigen regi eller ved innleigde entreprenørar. 
  • Fylkeskommunen sitt ansvar:

Innanfor kommunegrensene går det riks- og fylkesvegar. Desse vegane bind bygdene saman med større hovudvegar. Døme er fylkesveg 5890 mellom Lauvstad og Folkestad (Dalsfjordvegen), eller fylkesveg 5892 til Bjørke (Skjåstaddalen). På slike vegar er det fylket som har ansvaret for brøyting og strøing. 

  • Vegvesenet sitt ansvar:
    Innanfor kommunegrensene går det også riksvegar. Dette er gjerne dei største vegane som for eksempel E39 frå Kjøs til Furene, eller RV 651 frå Folkestad til grensa mot Stad kommune (Stigedalen). På desse vegane er det Statens vegvesen som har ansvaret for brøyting og strøing. 
  • Privat ansvar:
    Dei som har eigedomar i sentrum, har sjølv vedlikehaldsplikt på fortaua. Private vegar elles, skal driftast og haldast vedlike av dei som eig/brukar vegen i samsvar med Veglova § 54. Brøytekantar mot private vegar og innkøyringar må vedlikehaldast (fjernast) av den enkelte eigar eller velforening. 
Kven eig vegen?

Her kan du ut frå fargekode sjå kven som eig vegen (link til kommunekart).

  • Riksvegar = Oransje på gul bakgrunn
  • Fylkesvegar = Gul med raud kant
  • Kommunale vegar = Oransje
  • Private vegar =  Grøn
  • Gang/sykkelvegar = Raud

Merk: Det kan ligge inne feil i kartet som følgje av feilføring eller manglande oppdateringar.

Kven utfører arbeidet?

Heile mannskapet har døgnkontinuerlig vakt i perioden med vinterdrift. 

  • Brøyting og snørydding på rodene til kommunen, vert delvis utført av eigne tilsette (sentrum av Volda og sentrum av Hornindal),- og delvis av innleigde entreprenører. 
  • Kommunen og innleigde entreprenørar utfører brøyting og snørydding på kommunale plassar. 
Korleis prioriterer kommunen?

Kva blir prioritert først?

  • Hovudvegar, fortau, gangvegar og sykkelvegar
  • Bustadgater

Berre dei høgt prioriterte vegane, fortau og gang/sykkelvegar vert vanlegvis strødd, samt parti som er definert som kritisk bratte eller trafikkfarlege.

Nokre turvegar vert brøyta/fresa på dagtid.

Normalt startar brøyting av vegen ved 8-12 cm tørr snø. Ved våt snø vert dette vurdert i kvart tilfelle.

Kommunen søkjer generelt å brøyte mest mogeleg på dagtid når dette er fornuftig i høve været.

Kven brøyter og strør rundt kommunale bygg?

Brøyting på kommunal eigedom

Volda kommune gjennomfører brøyting og snørydding på ulike kommunale eigedomar, for eksempel ved skular, barnehagar og omsorgssenter. Dette utførast anten av innleigde entreprenørar etter avtale, eller avdelinga for veg og park i kommunen.

Dette gjeld snørydding på dei områda der det er mogeleg å kome til med maskiner for brøyting – til dømes traktorar og brøytebilar.

Det som ikkje kan eller er bestilt rydda med maskiner ved kommunale bygg, for eksempel heilt fram til ei inngangsdør, fell utanom brøyteavtalen. Då blir dette bygget sitt eige ansvar å rydde.

Strøing på kommunal eigedom

Volda kommune har og avtale om strøing på ulike kommunale eigedomar, som skular, barnehagar og omsorgssenter. Når det er klare behov for strøing og slike behov blir meldt inn til teknisk vakt, blir strøing gjennomført. Dette gjeld berre strøing av områder som er definert som kommunen sitt ansvar.

På dei stadane eller i dei områda der dei kommunale bygga sjølv manuelt må rydde snø, blir det også dei kommunale bygga som må vurdere om dei skal strø.

Snø og skade på privat eigedom?

I følgje Samferdselsdepartementet må eigedomar som grensar til offentleg veg rekne med at noko av snøen som blir brøyta eller fresa hamnar inn på privat grunn. Dette er det ein langvarig og etablert praksis for. Den nytten eigedomar som grensar til offentleg veg har av å få rydda vegen for snø, blir mellom anna sett på som større enn ulempene ved at noko av snøen hamnar på privat grunn.

Vi vil prøve å vise omsyn til private når vi brøyter, men vi må prioritere trafikktryggleik og mogelegheita til å kome seg fram. Dersom vi har brøyta snø inn på din eigedom, ber vi om at den ikkje blir flytta ut igjen på fortauet eller ut i køyrebana. På denne måten sikrar vi tryggare og enklare tilhøve for mjuke trafikantar og bilistar.

Skade på privat eigedom

Dersom vårt vintervedlikehald er årsak til skade på privat eigedom, ber vi om at dette vert meldt  skriftleg til oss:

  • Gje ei kort forklaring på kva skade som har skjedd
  • Tidspunktet for skaden
  • Legg ved bilete som syner tydeleg kva som er skada

Meldinga kan sendast til postmottak@volda.kommune.no

Kva er ditt ansvar?
  • Har du avkøyrsel er det ditt ansvar å fjerne brøytekanten der. Klarer du ikkje dette sjølv, må du få nokon til å hjelpe deg.
  • Plogen/fresen kan kome fleire gongar på same strekning. Første gong for å sikre god tilkomst,  andre gong blir det rydda betre. Vent difor med å rydde eigen innkøyrsel til vegen er brøyta ferdig.
  • Huseigarar i sentrumsstrøk må halde fortauet framkommeleg. Har du ikkje varmekablar eller liknande, må fortauet måkast/brøytast ut mot brøytekanten, samt strøast ved behov (strøplikt). I sentrum skal det sikrast at snø og is frå hustaka ikkje sett ferdsel i fare. Sett opp avvisarar og rydd taket snarast.
  • Plassering av gjenstandar langs vegkanten som kan skade utstyr, brøytemannskap eller andre ved påkøyrsel er farleg og ulovleg, og du kan risikere erstatningskrav.
  • Private huseigarar kan ha gjort private avtalar, så det kan vere fleire brøytarar i området som ikkje har ansvar for vegen/gata di.
  • Treng du ein brøyteavtale for privat veg, ta direkte kontakt med private leverandørar av slike tenester.

Kva kan du passe på?

  • Bilen din skal ha tilsyn ein gong i døgnet. Det kan vere vanskeleg å sjå om ein snøhaug inneheld ein bil eller eit anna køyretøy. Ved mykje snø kan det vere nødvendig å rydde vegen/gata meir grundig. Då må køyretøya flyttast.
  • Fjern vegetasjon på eigen grunn som gjeng utover vegen eller fortauet og som hindrar brøyting. Det skal vere 4,6 meter under greinene på tre også når det er snø.
  • Hekkar, gjerder og liknande må vere plassert i tilstrekkeleg avstand frå vegen, og skal dimensjonerast for å tole påkjenninga dei blir utsett for. Skader på installasjonar som ikkje tilfredsstiller desse krava blir ikkje erstatta.

Korleis kan du best hjelpe til?

  • Privatbilar i smale bustadgater er den største utfordringa ved snøfall.
  • Parker slik at bilen ikkje er til hinder. I beste fall blir bilen brøyta inne. I verste fall hindrar bilen at heile vegen/gata blir brøyta, og den kan bli taua bort om den står ekstra vanskeleg til.
  • Ut frå sida på bilen skal det vere 3,5 meter å passere på for brøyteutstyr som brøyter, for brannbil, ambulanse og renovasjonsbil. Det skal og vere plass for brøytekantar.
  • Husk at snuplassar skal vere fri for parkerte bilar.

 

Snøbrøyting

Kommunen har ansvaret for å brøyte kommunale vegar. 

Det er teknisk etat og eksterne entreprenørar kommunen har avtale med, som brøyter. 

Har du spørsmål om brøytinga?

Ring sentralbordet på tlf. 70 05 87 00 mellom kl. 10 og 14 på kvardagar.

Utanom desse tidene kan du ringe til vakttelefonen for teknisk vakt på tlf. 90 17 80 08

Strøing

Ved væromslag og glatte veger kan det ta 24 timer eller meir før alle veger, gater og fortau er strødd. Strøing ved skuler, barnehagar og gangveger vert prioritert først. Elles er det i bakkar, svingar, inn mot kryss og fotgjengarfelt at det blir strødd.

Det vert ikkje strødd når det snør. Vegen kan være glatt, men strøing har då liten effekt.

Volda kommune saltar ikkje vegane, men strør med strøgrus. Strøgrusen har iblanda litt salt. Dette for å hindre at sanden frys til og blir uhandterleg. Det er av omsyn til miljøet vi har valt å ikkje strø med salt.

Generelt

Brøytestikker er svært viktige for tryggleiken til brøytemannskapa og bilførarar generelt. Vi oppmodar om at brøytestikkene må få stå i fred.

Vis tolmod og køyr varsamt. Vær spesielt merksam på mjuke trafikantar!

Har du spørsmål ta kontakt med servicekontoret eller samfunnssektoren.