Her kan du stemme på førehand

Her kan du stemme på førehand

Her kan du sjå når og kor i Volda kommune du kan stemme på førehand. Dersom du har problem med å møte opp fysisk, kan du søke om ambulerande stemmegjeving. Det er også mogleg å stemme frå utlandet. Dersom du oppheld deg i ein annan kommunen enn den du er folkeregistrert som busett i, kan du stemme i kva som helst slags kommune fram til 8. september.

Å stemme på førehand ved faste mottaksstader

Du kan stemme på førehand ved dei ordinære mottaksstadene i Volda kommune frå og med torsdag 10. august til og med fredag 8. september 2023. Dersom du oppheld deg i ein annan kommune enn den du er registrert busett i, så kan du stemme der den kommunen har ope for mottak av førehandsstemmer.  Adresser og opningstider for mottak av førehandsstemmer i alle landets kommunar finn du her.

I Volda kommune er det ope for mottak av førehandsstemmer på følgjande stader til følgande opningstider:

Tid og stad for stemmegiving på førehand
Stad Periode Opningstid
Rådhuset 03.07.-09.08. 9:00-15:00
Rådhuset 10.08.-18.08. 9:00-15:00
Samfunnshuset 21.08.-30.08. og 01.09. 9:00-15:00
Samfunnshuset 31.08. 09:00-18:00
Kommunehuset Smia 28.08. 12:00-18:00
Samfunnshuset 02.09. 11:00-14:00
Samfunnshuset 04.09.-07.09. 09:00-18:00
Samfunnshuset 08.09. 09:00-16:00

I tillegg vert det mottak av stemmegiving på førehand ved helse- og omsorgsinstitusjonane i Volda kommune i veke 35 og 36.

Stemme heime ("Ambulerande stemmegiving")

Dersom du på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kan møte i fram i vallokalet på valdagen 11. september 2023, eller ikkje kan stemme på førehand, kan du søke til valstyret om å få avgje førehandsstemme der du oppheld deg.

Dersom du ønsker å søke om ambulerande stemmegiving, så er det søknadsfrist tysdag 5. september kl. 15:00.

Valkort og legitmasjon

Ta med legitimasjon og gjerne også valkort når du skal førehandsstemme. Dersom du møter opp i vallokalet utan legitimasjon og du er ukjend for stemmemottakar, vil du ikkje få anledning til å stemme. Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde.

Førehandsstemming i sommar ("tidlegstemming")

Dersom du er forhindra frå å førehandsstemme i perioden som er nemnt ovenfor, - vil det vere mogleg å avgje førehandsstemme  frå mandag 3. juli fram til og med onsdag 9. august på servicekontoret i Volda. Opningtida er 09:00-15:00.

Å stemme frå utlandet

Veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet kan stemme på førehand frå norske ambassader og andre utanriksstasjonar, eller hos andre oppnemnde stemmemottakarar frå 1. juli 2023. Siste dag for å førehandssstemme frå utlandet er 1. september. Du er sjølv ansvarleg for å stemme så tidleg at stemmen kjem fram til Volda kommune innan tysdag 12. september kl. 17.00.

Du kan lese meir om å stemme frå utlandet på dei nasjonale val-sidene.