Legitimasjon og valkort

Legitimasjon og valkort

Då må ta med deg legitimasjon når du skal stemme, både ved førehandsstemming og på valdagen. Det er ikkje tilstrekkeleg å oppgje namn og fødselsdato.

Legitimasjonen kan vere til dømes pass, førarkort, nasjonalt ID-kort eller bankkort med bilde. Digitalt førarkort blir også godkjent. Kravet er at legitimasjonen inneheld namn, fødselsdato og bilde.

Valkort

Dei aller fleste veljarane vil få digitale valkort i år. Dei blir sendt til deg i di digitale postkasse eller gjennom Altinn. Alle som får valkort digitalt, blir vasla om dtete med ein SMS. På valkortet vil det stå kvar ditt næraste røystelokale er, og kva kommune/fylke du vil røyste i.

Følgande personar vil ikkje få digitale valkort, men få tilsendt valkort på papir i posten:

  • Dei som har reservert seg mot digital kommunikasjon
  • Dei som ikkje har oppdatert opplysningane i register over digital kontaktinformasjon og reservasjon, eller stadfesta at kontaktopplysningane er korrekte i løpet av dei siste 18 månadane.

Eit digitalt valkort er er eit meir tilgjengeleg valkort for dei fleste av oss. Alle med smarttelefon kan laste det ned og til dømes ta ein skjermdump av det, slik at det alltid er med deg. Du slepp derfor å tenke på å ta med valkortet når du skal røyste. 

Dei digitale valkorta kjem også fram til dei som ikkje oppheld seg på folkeregistrert adresse, til dømes langpendlarar og studentar.

Merk: Du treng ikkje ha med valkortet når du skal røyste, sjølv om det vil lette jobben for valfunksjonærane. Du må ha med legitimasjon, og valkortet er ikkje godkjend som legitimasjon.