Dersom det etter samtale med barnet/føresette ikkje lenger er grunn til uro eller nødvendig å sette inn tiltak, skriv eit kort notat som du arkiverer i fagsystem/elevmappe/barnemappe og avslutt saka.
Dersom det er behov for å setje i gang tiltak, opprett stafettlogg og gå vidare til nivå 1 i rettleiaren. Dersom det er behov for samarbeid, men uten oppsette mål og tiltak, kan du opprette Enkelt Samspill. Medan du venter på opplæring i DIPS (Stafettlogg og Enkelt Samspill), kan du nytte Prosesslogg-malen i verktøylinja til høgre.
Dersom det er behov for å opprette samarbeid med anna teneste, drøft med den aktuelle tenesta og gå vidare til nivå 2 i rettleiaren. Alternativt melder du saka til inkluderingsteam. Drøft då med din leiar om andre tenester skal inviterast inn i møte.
Til deg som arbeider i vaksentenestene:
Hvis du jobber med ein vaksen som har barn, og du blir uroa / bekymra for barnet, skal du snakke med den vaksne om dette. Du skal oppfordre dei til å ta det opp med barnehage, skule eller hjelpeteneste. Alternativt får du samtykke til å kontakte hjelpeapparatet for dei. Er du i tvil kan du kontakte hjelpetenstene for å drøfte saka anonymt. Du skal alltid vurdere om dette er sak for barneverntenesta, jf. opplysningsplikt til barneverntenesta. Send evt bekymringsmelding til barneverntenesta, helst etter dialog og i samarbeid med føresette.
NB: Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ikkje snakke med føresette, men ta direkte kontakt med politi eller barnevern.
Husk at som tilsett er du pålagt å handle dersom du har ei bekymring knytt til eit barn eller ein ungdom.