Nivå 1

Nivå 1

Jobb saman med føresette og barn/ungdom for å finne ei løysing. Her vert det i utgangspunktet jobba innanfor ei enkelt teneste/avdeling.

1 Definer eiga uro eller undring

Når du undrar deg eller er bekymra for eit barn/ungdom, må du prøve å sette ord på uroa du kjenner- før du tar saka vidare. Dette er ikkje alltid lett, for signala og teikna du ser kan vera både vage, diffuse og vanskelege å tyde.
Det viktige no er å finne ut om du har grunn til uro eller ikkje. Prøv å sette ord på tankane/observasjonane/magekjensle.

I menyen til høgre finn du BTI-verktøy som kan vere til hjelp når du skal definere eiga undring/uro/bekymring.

NB: Trur du allereie no at uroa di kan vere knytt §9a i opplæringslova eller §42 og §43 i lov om barnehager (barnet/eleven sitt fysiske og psykiske skule- eller barnehagemiljø), gå til nivå 1 i BTI-rettleiaren.

2 Del uroa med leiaren din

Del uroa di med næraste leiar ved første høve. Dersom saka skal takast vidare, avgjer når og kven som snakkar med barnet/ungdommen og/eller tek kontakt med føresette.

Hvis du som tilsett kjem inn i skule eller barnehage og blir bekymra for eit barn/ungdom du ikkje jobber direkte med, skal du orientere tilsette i skulen/barnehagen om bekymringa di.

Til deg som arbeider i vaksentenestene:

Hvis du jobber med ein vaksen som har barn, og du blir uroa / bekymra for barnet, skal du snakke med den vaksne om dette. Du kan finne nyttige tips til samtalen med føresette på https://www.barnespor.com. Du skal oppfordre dei føresette til dialog med barnehage, skule eller hjelpeteneste for å ivareta barna sine behov. Alternativt får du samtykke til å kontakte hjelpeapparatet for dei. Er du i tvil kan du kontakte hjelpetenstene for å drøfte saka anonymt.
Du skal alltid vurdere om dette er sak for barneverntenesta, jf. opplysningsplikt til barneverntenesta. Prøv alltid å samarbeide med føresette om dette.

NB: Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ikkje snakke med føresette, men ta direkte kontakt med politi eller barnevern. Meldeplikta er eit personleg ansvar.

3 Del uroa med føresette/barnet

Dette steget handlar om å undersøke om det er grunn til uro/bekymring eller ikkje.
Nokre gongar kan det som skaper vår uro/bekymring ha ei naturleg forklaring utan behov for å gjere so mykje anna enn å vise forståing (til dømes dersom familien har det forbigåande tøft). Andre gonger er uroa og bekymringa vår knytt til noko der vi må gjere tiltak for å hjelpe barnet/eleven. Inviter og gjennomfør "den nødvendige samtalen" med føresette/barnet for å finne ut av dette.

Ein slik samtale er viktig og nokre gonger kjenner vi at det er vanskeleg. I menyen til høgre finn du nyttige verktøy til førebuing og gjennomføring av ein slik samtale. Blant anna finn du lenke til verktøyet Snakke med barn, der du kan øve på slike samtalar. Rådfør deg gjerne med din leiar, ein kollega eller med helsesjukepleiar dersom du kjenner behov for det.

Husk å dokumentere samtalen i fagsystem / elevmappe / barnemappe:

  • Dersom nokon andre skulle få liknande uro/bekymring for barnet/eleven, kva informasjon må dei ha tilgong på? Det er dette du skal dokumentere.
  • Dersom det er grunnlag for starte eit samarbeid for å betre situasjonen, kva informasjon må andre involverte ha? Det er dette du skal dokumentere.
  • Orienter barnet/føresette om at du dokumenterer.

NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal vektleggjast.

4 Grunn til vidare oppfølging?

Dersom det etter samtale med barnet/føresette ikkje lenger er grunn til uro eller nødvendig å sette inn tiltak, skriv eit kort notat som du arkiverer i fagsystem/elevmappe/barnemappe og avslutt saka.

Dersom det er behov for å setje i gang tiltak, opprett stafettlogg og gå vidare til nivå 1 i rettleiaren. Dersom det er behov for samarbeid, men uten oppsette mål og tiltak, kan du opprette Enkelt Samspill. Medan du venter på opplæring i DIPS (Stafettlogg og Enkelt Samspill), kan du nytte Prosesslogg-malen i verktøylinja til høgre.

Dersom det er behov for å opprette samarbeid med anna teneste, drøft med den aktuelle tenesta og gå vidare til nivå 2 i rettleiaren. Alternativt melder du saka til inkluderingsteam. Drøft då med din leiar om andre tenester skal inviterast inn i møte.

Til deg som arbeider i vaksentenestene: 

Hvis du jobber med ein vaksen som har barn, og du blir uroa / bekymra for barnet, skal du snakke med den vaksne om dette. Du skal oppfordre dei til å ta det opp med barnehage, skule eller hjelpeteneste. Alternativt får du samtykke til å kontakte hjelpeapparatet for dei. Er du i tvil kan du kontakte hjelpetenstene for å drøfte saka anonymt. Du skal alltid vurdere om dette er sak for barneverntenesta, jf. opplysningsplikt til barneverntenesta. Send evt bekymringsmelding til barneverntenesta, helst etter dialog og i samarbeid med føresette.

NB: Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ikkje snakke med føresette, men ta direkte kontakt med politi eller barnevern.

Husk at som tilsett er du pålagt å handle dersom du har ei bekymring knytt til eit barn eller ein ungdom.

5 Grunn til vidare oppfølging?

Tilhøyrande verktøy