22.10.26 – PRESSEMELDING frå Volda formannskap

22.10.26 – PRESSEMELDING frå Volda formannskap

Skisse Aasenkvartalet - byggetrinn 1 og 2 - Klikk for stort bilete Skisse

Formannskapet i Volda kommune gjorde 20. oktober 2026 eit vedtak om arbeidet i Volda Utvikling AS og godtgjersla til styremedlemmene.

Pressemelding frå Volda formannskap, 20.10.26.

 

Samla formannskap: Full tillit til styret

Eit samla formannskap i Volda kommune finn grunn til å presisere sitt syn på Volda Utvikling AS etter den siste tids medieomtale av selskapet og Aasenkvartalet.

Formannskapet meiner at delar av mediedekninga har vore einsidig og ikkje spegla dei faktiske forholda i saka på ein tilfredsstillande måte. Dette har etter formannskapet sitt syn gitt eit skeivt bilete av både selskapet, styret sitt arbeid og dei politiske vurderingane som ligg til grunn for organiseringa av verksemda.

Formannskapet er godt nøgd med arbeidet styret i Volda Utvikling AS utfører, og har full tillit til styremedlemmene.

Valet av eit arbeidande styre har vore eit medvite politisk val for å sikre tverrfagleg kompetanse innan eigedomsutvikling, økonomi og prosjektgjennomføring utan å byggje opp ein eigen administrasjon. Formannskapet meiner dette har vore ei fagleg sterk og kostnadseffektiv løysing. Ei ordning med tilsett dagleg leiar ville etter formannskapet si vurdering vore dyrare.

Når det gjeld styreleiar Thomas Lundberg, viser formannskapet til at samla styregodtgjersle utgjer 1 558 791 kroner fordelt over seks år. Formannskapet meiner slike tal må vurderast i lys av både tidsperioden og arbeidet som er utført.

Formannskapet understrekar betydninga av eit ope, faktabasert og balansert offentleg ordskifte  og står samla bak desse vurderingane.

 

Kontaktperson: Sølvi Dimmen, ordførar i Volda kommune.

 

Vedlegg til pressemelding 221026 Vedtak i Volda FSK 201026
Tittel Type Storleik
Melding om vedtak i Volda formannskap 20.10.26 - Informasjon om Volda utviklingPDF415 kB
Pressemelding 22.10.26 frå Volda formannskapPDF110 kB