Aasenkvartalet – bakgrunn, prosess og status

Aasenkvartalet – bakgrunn, prosess og status

Kommunestyret fekk i siste møte ei orientering frå styret i Volda Utvikling AS om status for arbeidet med Aasenkvartalet. Kommunestyret stilte spørsmål og tok orienteringa til vitande.

Illustrasjonsskisse av Aasenkvartalet - Klikk for stort bilete Aasenkvartalet

Aasenkvartalet – bakgrunn, prosess og status

Kommunestyret fekk i siste møte ei orientering frå styret i Volda Utvikling AS om status for arbeidet med Aasenkvartalet. Kommunestyret stilte spørsmål og tok orienteringa til vitande.

Aasenkvartalet er eit prosjekt det har vore arbeidd med over fleire år. I lys av den siste orienteringa kan det vere nyttig å sjå nærare på bakgrunnen for prosjektet, kommunen si rolle og utviklinga undervegs.

Bakgrunnen for prosjektet

I 2013–2014 gjennomførte Høgskulen i Volda, Møre og Romsdal fylkeskommune, Sunnmøre Kulturnæringshage og Volda kommune eit felles arbeid for å vurdere grunnlaget for ein kunnskapspark ved Høgskulen i Volda.

Arbeidet konkluderte med at det fanst både behov og moglegheiter for å etablere ein kunnskapspark knytt til høgskulen. Prosjektet vart finansiert med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Høgskulen i Volda skil seg frå dei andre høgare utdanningsinstitusjonane i fylket ved at det ikkje er etablert ein kunnskapspark i tilknyting til høgskulen. I arbeidet med prosjektet vart det vist til erfaringar frå andre kunnskapsparkar i fylket, og det vart argumentert for at ein slik struktur kunne styrkje høgskulen si rolle innan regional utvikling og samarbeid med næringsliv og offentleg sektor.

På dette grunnlaget, og med signal frå Høgskulen i Volda om behov for kunnskapspark og auka kontorareal, valde Volda kommune å arbeide vidare med saka. Som vertskommune vurderte kommunen prosjektet som eit mogleg bidrag til utvikling av både høgskulen og regionen.

Etablering av Volda Utvikling AS

For å arbeide vidare med utviklinga av prosjektet, vart Volda Utvikling AS etablert gjennom vedtak i kommunestyret. Formannskapet er generalforsamling i selskapet.

Selskapet vart organisert etter modell frå sørsida i Ålesund og fekk eit styre med erfaring innan eigedomsutvikling, forhandlingar og investormiljø. Selskapet fekk i oppdrag å utvikle prosjektet vidare innanfor dei politiske føringane som vart gitt gjennom generalforsamlinga og kommunestyret.

Kontrollutvalet har også hatt innsynsrett i selskapet og har gjennom sitt ordinære tilsynsansvar følgt verksemda gjennom fleire orienteringar og kontrollaktivitetar.

Frå kunnskapspark til Aasenkvartalet

Etter kvart vart prosjektet utvikla til det som i dag er kjent som Aasenkvartalet.

Volda Utvikling sonderte interessa hjå ulike investorar etter dei kriterier som var vedtatt. Prosjektet hadde eit omfang som kravde betydeleg kapital og kompetanse innan eigedomsutvikling.

Sisa Invest kom inn som privat utviklar og overtok eigedomsprosjekt knytt til området. Dei vidare planane omfatta lokale for høgskulen, kunnskapspark, næringsareal og etter kvart hotell- og konferanseverksemd.

Hotell som del av prosjektet

I den vidare utviklinga av prosjektet vart hotell teke inn som ein del av planane etter politiske signal og vedtak.

Dei argumenta som vart lagde til grunn, var mellom anna at hotell- og konferansekapasitet kunne styrkje aktivitet knytt til høgskulen, sjukehuset og idrettsanlegga i området. Det vart også peikt på at kurs-, konferanse- og etterutdanningsaktivitet kunne få betre rammevilkår med eit slikt tilbod.

Vidare vart det argumentert for at eit hotell kunne bidra til auka næringsaktivitet og sysselsetting.

Dette var vurderingar som låg til grunn for prosjektutviklinga, men som det naturleg nok kan finnast ulike oppfatningar av.

Interesse frå aktuelle leigetakarar

Det har gjennom utviklingsfasen vore dialog med fleire offentlege og private aktørar om mogleg deltaking i prosjektet.

Høgskulen i Volda har ved fleire høve uttrykt interesse for nye leigeareal og deltaking i ein framtidig kunnskapspark. Statsbygg lyste på vegner av høgskulen ut ein konkurranse om om lag 1.700 kvadratmeter leigeareal.

Norsk Innovasjonssenter har arbeidd med planar basert på etablering i Aasenkvartalet, og det har vore dialog med fylkeskommunen om mogleg plassering av fylkeskommunale funksjonar i området.

På det mest omfattande var prosjektet planlagt med hotell, konferansedel, kunnskapspark, høgskulelokale, næringsareal og andre offentlege funksjonar samla i eitt prosjekt.

På det tidspunktet fanst det fleire forhold som kunne tale for realisering, mellom anna prosessar knytte til høgskulen sitt arealbehov, Norsk Innovasjonssenter sitt romprogram, dialog med fylkeskommunen og interesse frå hotellaktørar.

Endra rammevilkår

Utviklinga dei siste åra har ført til at fleire føresetnader for prosjektet har endra seg.

I orienteringa til kommunestyret vart det opplyst at Høgskulen i Volda ikkje lenger vurderer behovet for nye areal på same måte som tidlegare. Det vart også opplyst at Thon Hotels, etter ei lengre vurdering av prosjektet, valde ikkje å gå vidare.

Samtidig har kostnadsnivået i byggjebransjen auka, og finansieringsvilkåra for større prosjekt har vorte meir krevjande.

Det er framleis ikkje avklart om, eller eventuelt på kva måte, fylkeskommunen vil ha ei rolle i prosjektet framover.

Kommunen si rolle

Aasenkvartalet er eit prosjekt med privat utbyggjar. Volda kommune har gjennom eigarskapen i Volda Utvikling AS hatt ei rolle i utviklingsarbeidet fram til prosjektet vart overført til privat utviklar.

Selskapet har arbeidd på oppdrag frå eigaren, og større vegval og prinsipielle spørsmål har vore behandla politisk.

Kommunestyret har gjennom vedtak og orienteringar vore involvert i prosjektet. Moglege kommunale bidrag til ulike delar av prosjektet har vore drøfta og innarbeidde i økonomiske planar, men kommunen har så langt ikkje inngått bindande avtalar knytte til desse elementa.

Kommunen har også prioritert reguleringsarbeidet for området, i samarbeid mellom eigne fagmiljø og prosjektet sine rådgivarar.

Vegen vidare

Kva som skjer vidare med Aasenkvartalet vil no bli vurdert av styret i Volda Utvikling AS. Styret skal rapportere tilbake til generalforsamlinga, som må ta stilling til vidare handtering av prosjektet.

Det er eit faktum at fleire av føresetnadene som låg til grunn då prosjektet vart utvikla, har endra seg. Samstundes står spørsmål knytte til utvikling av høgskuleområdet, innovasjon, næringsutvikling og framtidig hotell- og konferansekapasitet framleis att.

Korleis desse spørsmåla skal følgjast opp vidare, vil vere gjenstand for politiske vurderingar og prioriteringar i tida framover.

Dersom prosjektet ikkje vert vidareført i si noverande form, vil kommunen måtte ta stilling til korleis eigedommane og dei investeringane som er gjorde skal forvaltast vidare. Vurderingar som har vore presenterte, tilseier at ei ferdig regulert tomt kan ha ein marknadsverdi som overstig dei kostnadene som hittil er knytte til prosjektet, men dette vil vere avhengig av marknadssituasjonen og eventuelle framtidige transaksjonar.