Cos-kurs hausten 2026

Cos-kurs hausten 2026

Foreldrerettleiingskurset Tryggleikssirkelen (COS) gir deg verktøy til å forstå barnet ditt betre og skape tryggleik og godt samspel. Kurset er for føresette med barn frå 4 månader til 6 år.

Rettleiingskurs for deg med barn opp til 6 år

Illustrasjon av Cos-P sirkelen - Klikk for stort bilete Cos-P

Mange foreldre synest det er utfordrande å gje barna sine tryggleik og god oppvekst. Foreldrerettleiingskurset Circle of Security (COS), tryggleiksssirkelen, skal gje foreldre verktøy for å betre forstå kva behov barna har, kva signal dei gir og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre.

Målet med kurset

Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg og stå sterkare rusta til å møte utfordringar ein møter i livet. Kurset kan også bidra til eit godt samspel mellom deg og barna dine.

Påmelding, tid og stad

Sektor oppvekst planlegg å ha 2-4 kurs i året med fysisk oppmøte på dagtid.

Kurset er anbefalt for føresette med barn mellom 4 månader og 6 år. Vi oppmodar om at begge føresette deltek.

Kurs hausten 2026

Kursa går over fem tysdagar:

Datoar: 3., 10., 17. og 24. november og 1. desember
Tid: Kl. 14.00–15.30
Stad: Volda samfunnshus, 1. etasje – lokalet til ungdomsklubben

 

Påmelding og spørsmål:

Påmelding digitalt eller til Volda helsestasjon, tlf. 70 05 88 20

Kurset er gratis.

Er du i permisjon kan babyen vere med.

Kven kan vere med?

Foreldrerettleiingsskurset er for foreldre med barn mellom 4 månader og 6 år.

Meir info om kurset

Kurset skal gi føresette verktøy til å forstå betre kva behov barn har, kva signal dei gir og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre. Foreldrekurset vert anbefalt til alle foreldre. 

Tryggleikssirkelen kan dessutan kome til glede og nytte i alle relasjonar – ikkje berre mellom deg og barnet dykkar.

Dess tryggare barnet ditt er, dess meir vil barnet ditt kunne:

  • oppleve meir glede saman med deg
  • føle mindre sinne ovanfor deg
  • søkje di hjelp når barnet har det vanskeleg
  • løyse problem på eiga hand
  • kome betre overeins med vener
  • knyte langvarige venskap
  • få betre relasjon med søsken
  • få betre sjølvkjensle
  • ha tillit til at dei fleste problem har ein løysing
  • få tillit til at gode ting vil skje
  • få tillit til menneska barnet er glade i
  • vite korleis ein er god mot andre

 

COS-video på engelsk