Eigenberedskapsveka 2026
I veke 44 blir Eigenberedskapsveka markert over heile landet. Årets tema er korleis vi kan førebu oss på bortfall av mobilnett og internett.
God eigenberedskap er viktig både for den einskilde og for å gjere samfunnet meir robust når kriser oppstår.
Sanitetslaga i Volda, Austefjord, Mork og Hornindal, i samarbeid med Volda kommune, står på stand denne veka for å informere om eigenberedskap. Kom gjerne innom for ein prat og gode råd om korleis du kan vere best mogleg førebudd.
Du finn oss her:
- Måndag 26. oktober kl. 12.00-16.00: Spinneriet
- Onsdag 28. oktober frå kl. 12.00: Spar Hornindal
- Laurdag 31. oktober frå kl. 11.00: Furene
Korleis få hjelp og informasjon når mobilnett og internett ikkje fungerer?
Dersom mobilnett, internett eller annan elektronisk kommunikasjon fell bort, kan kommunen etablere informasjonspunkt for å gi innbyggjarane oppdatert og kvalitetssikra informasjon.
På informasjonspunkta blir informasjon i hovudsak formidla gjennom oppslag og informasjonsplakatar. Ved behov kan enkelte punkt vere bemanna, slik at innbyggjarane kan få munnleg informasjon og melde frå om lokale forhold eller særlege behov.
Ved langvarige utfall kan kommunen ta i bruk alternative kommunikasjonsløysingar. Dersom samband er tilgjengeleg, kan kommunen også hjelpe med å vidareformidle meldingar om akutte hendingar til naudetatane.
Informasjonspunkta er ikkje:
- ei erstatning for naudetatar, legevakt eller kommunale tenester
- evakueringssenter eller tilfluktsrom
- utdelingspunkt for mat, vatn eller anna beredskapsutstyr
Innbyggjarane bør ha tilstrekkeleg eigenberedskap til å klare seg sjølve i minst sju dagar. Dette er rådet frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
Informasjonspunkta blir berre tekne i bruk ved ekstraordinære hendingar. Difor er det viktig å kjenne til kvar dei ligg før ein slik situasjon oppstår.
Informasjonspunkt i Volda kommune
- Hornindal omsorgssenter Urdene 9, 6763 Hornindal
- Folkestadtun Dalsfjordvegen 4235, 6120 Folkestad
- Volda rådhus (opningstid 08.00-15.30 kvardagar) Stormyra 2, 6100 Volda
- Dravlaus branndepot, Dalsfjordvegen 603, 6133 Lauvstad
- Bjørke - Tussa kraftverk, Hjørundfjordvegen 133, 6190 Bjørke
Kart
Skulle det oppstå ein kritisk situasjon og du må ha hjelp kan du møte her:
Akutt helsehjelp
- Legevakta (utanom opningstidene til legekontora)
Torvmyrane 11 B, 6160 Hovdebygda - Volda legesenter (opningstid 08.00-15.30 kvardagar)
Stormyra 6, 6100 Volda - Hornindal legekontor (opningstid 08.00-15.30 kvardagar)
Grøddesvegen, 6763 Hornindal
Volda sjukehus har akuttberedskap
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Enkle grep styrker eigenberedskapen
DSB og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har laga sju enkle råd som gjer det lettare å få viktig informasjon og halde kontakt med andre om det blir problem med mobilnett eller internett.
- Ver ein beredskapsven
- Finn ut korleis kommunen informerar ved bortfall av mobilnett og internett
- Skaff ein DAB-radio
- Lad opp batteribank og utstyr
- Vurder abonnement på ulike mobilnett
- Finn ut korleis du kan kommunisere over wifi
Du kan lese meir på www.dsb.no/ekombortfall.