Endringar i gebyr for feiing og tilsyn

Endringar i gebyr for feiing og tilsyn

Skatteetaten har endra momsreglane med verknad frå 1. januar 2024 slik at gebyret for feiing og tilsyn blir utan moms. Gebyret for fyrste kvartal er sendt ut med moms. Momsen kjem til fråtrekk på faktura for andre kvartal/april. 

 

 

Branningeniør Knut Øystein Ekroll opplyser at årsaka til endringa er at Skatteetaten i februar konkluderte med at gebyr for offentleg myndigheitsutøving som avgifta for feiing og tilsyn skal være utan moms. Endringa er gjort gjeldande frå 01.01.24. 

 

 

 

 

Gebyrsatsar feiing og tilsyn 2024

Brannforebygging bustadhus Gr 1  kroner 608,-
Brannforebygging fritidsbustad       kroner 560,-
Brannforebygging Gr 2                      kroner 936,-
Fresing av beksot, fastpris                kroner 2500,- + 25% mva
Anna arbeid                      pr. time    kroner 850,- + 25% mva

Betalingssatsar og gebyr