Fairtrade-veka startar måndag 19. oktober

Fairtrade-veka startar måndag 19. oktober

I veke 43 markerer Volda og Ørsta årets Fairtrade-veke saman med kommunar over heile landet.

Ordførar med Fairtradebanner - Klikk for stort bilete Ingrid Opedal

-Som Fairtrade-kommunar ønskjer vi å setje søkjelys på korleis rettferdig handel kan bidra til betre arbeids- og levevilkår for bønder og arbeidarar i land med utbreidd fattigdom, seier leiar i Fairtrade Volda Ørsta Ingrid Opedal.

I fjor vart kommane våre kåra til Årets Fairtradekommunar, og det forpliktar, seier ordførar Sølvi Dimmen i Volda og varaordførar Tove Halse Digernes i Ørsta. Dei legg mellom anna til rette for at det vert blindtest av kaffi i begge formannskapa.

Denne veka oppmodar dei tilsette, innbyggjarar, lokale verksemder og organisasjonar om å lære meir om Fairtrade, og korleis små val i kvardagen kan gjere ein skilnad. -Ved å velje Fairtrade-merkte produkt bidreg vi til meir rettferdige handelsvilkår og fleire moglegheiter for menneske til å investere i eiga framtid, seier dei.

Innbyggarane kjem til å merke at det er Fairtradeveke på ulike måtar. -Takka vere støtte frå Tussa berekraftsfond får vi til ei skikkeleg markering av veka i år, fortel Opedal.

Det vert profilering i begge sentruma, både i form av flagg og på dei kommunale informasjonsskjermane. På Alti vil kommunebanneret stå, og på Spinneriet vert det utstilling i tidlegare Jernia-vindaugo.

Det vert klassekonkurranse som i fjor, der alle kan nominere sine klassar og der ein klasse i kvar kommune vinn ei korg med Fairtradeprodukt. Volda FFO vil få besøk, det same vil Sterk og stødig i Ørsta og Røde-Korskafeen i Volda.

Det vert butikkstand på Spar Volda med gode tilbod, og ein vil på ulike måtar løfte fram andre butikkar som sel Fairtradevarer.

Nokre vil få ei overraskingsgåve fordi ein bidreg til å gjere Volda og Ørsta til Fairtradekommunar gjennom bruk av Fairtradeprodukt.

Vi håpar mange vil markere Fairtrade-veka – og oppmodar alle til å velje fair når høvet byr seg.