Førehandskonferansar og rettleiing

Førehandskonferansar og rettleiing

Det er innført ny ordning for førehandskonferansar og rettleiing på byggesak.

Førehandskonferanse er eit avklaringsmøte mellom deg som vil gjennomføre eit byggetiltak og oss i kommunen på byggesak. Fram til no har førehandskonferansar vore gratis, men vi ser no behov for å ta noko betalt for dette på same måte som mange andre kommunar.

 

Ingen ekstra kostnad ved komplette søknadar

Viss du leverer ein komplett søknad innan 2 år etter førehandskonferansen vil du få tilbakebetalt dette gebyret gjennom rabatt på det ordinære sakshandsamingsgebyret i sjølve byggesaka. I praksis betyr det altså ingen ekstra kostnad for deg som klarar å levere ein god og komplett byggesøknad.

 I tillegg kan du framleis få gratis rettleiing, men avgrensa til eit møte på inntil 20 minutt og da utan referat.

  

Her er prisane for førehandskonferanse gjeldande frå 01.01.2025:

G. Diverse gebyr ved søknadspliktige tiltak

G. Diverse gebyr ved søknadspliktige tiltak
GebyrTypeBetalingssats 2025Betalingssats 2026
G.1.a. Inntil 60 minutt med referat (pbl 20-4, utan ansvarsrett).EingongsgebyrKr 1 500Kr 1 700
G.1.b. Inntil 60 minutt med referat (§ 20-3, med ansvarsrett)EingongsgebyrKr 3 000Kr 3 500
G.1.c. Tillegg per påbyrja 30 minutt - 1/4 av grunnsatsEingongsgebyr00
G.2. Vurdering av søknadspliktEingongsgebyr01 200
G.3. Løyve eller uttale/samtykke frå anna myndeGebyr per innhentingKr 3 000Kr 3 500
G.4.a. Mangelfull søknad der kommunen må etterspørre manglande/ufullstendig dokumentasjon (pbl § 20-4)EingongsgebyrKr 1 300Kr 1 500
G.4.b. Mangelfull søknad der kommunen må etterspørre manglande/ufullstendig dokumentasjon (pbl § 20-3)Eingongsgebyr0Kr 3 000
G.5. TimeprisKr per timeKr 1 250Kr 1 400
G.6. Ulovelg byggearbeidMinimumsgebyrKr 4 000Kr 4 600

 

Lenke til forskrift med komplett gebyroversikt