Har du spørsmål om eigedomsskatt og -takst?

Har du spørsmål om eigedomsskatt og -takst?

Eigedomsskatten vert kravd inn saman med dei andre kommunale avgiftene, og faktura er no sendt ut.

Dronebilete av Volda sentrum frå hamna - Klikk for stort bilete Erlend Sporstøl Vikestrand

Eigedomsskattesatsen er generelt sett til 5,0 promille, men for bustads- og fritidseigedomar er skattesatsen 4,0 promille.

Grunnlag frå Skatteetaten

Skatteetaten sine bustadverdiar vert lagt som grunnlag for utrekning av eigedomsskatten. 

Likningsverdien utgjer normalt 25 % av bustadverdien som Skatteetaten har fastsett. Dersom likningsverdien er fastsett til kr 500 000 vert altså bustadverdien på kr 2 000 000. Eigedomsskattegrunnlaget er 70 % av bustadverdien.

Verdien er eit overslag på bustaden sin omsettingsverdi, rekna ut frå bustaden sitt areal, byggeår, bustadtype, kvar eigedomen ligg og opplysningar om omsette bustader i kommunen.

NB! Utrekningsmodellen til Skatteetaten er noko endra i år så du kan oppleve ei større auke enn tidlegare år.

Du finn meir informasjon om dette på Skatteetaten si heimeside.

Kommunal taksering

I dei tilfelle kommunen ikkje har motteke slik bustadverdi, er taksten fastsett av kommunen. Dette gjeld da for;

  • Fritidseigedomar (også utan bygg) 
  • Våningshus på gard 
  • Bustadeigedom der vi ikkje har grunnlag frå Skatteetaten 
  • Næringseigedomar (også utan bygg)

 

Taksten baserer seg på ei skjønsmessig vurdering som skal tilsvare omsetningsverdien til eigedomen. Det er gjennomført ein såkalla kontorjustering som betyr ein auke på 5 % frå taksane i fjor. For bustadar og fritidsbustadar er skattegrunnlaget 70 % av taksten. Du kan lese meir om retningslinene for kommunal taksering i dokumentet «Rammer og retningsliner for verdsetjing/taksering av eigedomar i Volda kommune(PDF, 354 kB)».

Klage:

Du kan klage dersom du kan dokumentere at taksten er for høg i høve til antatt omsetningsverdi. Ved andre feil eller spørsmål ber vi om at du tek kontakt med kommunen før du eventuelt sender inn ein klage. Klagefrist er 6 veker frå skattelista vert offentleggjort eller dette vedtaket vert sendt ut. 

Eventuell klage skal vere skriftleg. Merk klaga med gard- og bruksnummer.

Meir informasjon kan du finne på sidene om eigedomsskatt: 

https://www.volda.kommune.no/tenester/bygg-eigedom-og-plan/eigedomsskatt/

 

 

Volda kommune

Eigedomsskattekontoret