Informasjonsmøte om områdemodell for Volda sentrum

Informasjonsmøte om områdemodell for Volda sentrum

Volda kommune inviterer til digitale informasjons- og dialogmøte om arbeidet med områdemodell for Volda sentrum.

Volda kommune har starta arbeidet med å utarbeide ein områdemodell for Volda sentrum. Som ein del av prosessen inviterer vi grunneigarar, utbyggjarar og andre interesserte til ei rekkje digitale informasjons- og dialogmøte.

Ein områdemodell er eit verktøy for å finansiere og gjennomføre felles offentleg infrastruktur som er nødvendig for utviklinga av sentrum. Modellen skal bidra til føreseielege rammer for både kommunen, grunneigarar og utbyggjarar, og gi eit betre grunnlag for koordinert gjennomføring av tiltak og utbygging.

Gå inn i påmeldingsskjemaet og meld deg på eitt eller fleire av møta:
Påmelding til informasjonsmøte om områdemodell for Volda sentrum: 
https://forms.cloud.microsoft/e/VEGVRvZ2UX

Møte 1: Kva er ein områdemodell?

Dato: 19. august
Tid: Kl. 12.00–13.30
Stad: Digitalt møte

På møtet vil kommunen orientere om arbeidet med områdemodellen, medan Grindaker og ViaNova presenterer:

  • kva ein områdemodell er
  • korleis felles offentleg infrastruktur kan finansierast og gjennomførast
  • samanhengen mellom områdeplan, rekkjefølgjekrav og utbyggingsavtalar
  • korleis modellen kan bidra til meir føreseielege rammer for utvikling i sentrum

Det vil vere høve til å stille spørsmål og kome med innspel.

Arbeidet med områdemodellen blir gjennomført av Volda kommune i samarbeid med Grindaker og ViaNova. Vi ønskjer alle interesserte velkomne til å delta i prosessen.

Møte 2: Behov og prioritering av tiltak

Dato: 26. august
Tid: Kl. 12.30–14.00
Stad: Digitalt møte

På møte 2 blir det presentert forslag til tiltak som er identifiserte gjennom områdeplanen og formingsrettleiaren. Målet med møtet er å diskutere kva kvalitetar som er viktige for utviklinga av Volda sentrum, og å få innspel til prioritering av tiltak.

Tema for møtet:

  • oversikt over aktuelle tiltak og investeringsbehov
  • kommunen sine ambisjonar for utviklinga av sentrum
  • samanhengen mellom utbygging, rekkjefølgjekrav og behovet for infrastruktur
  • dialog om kva tiltak som bør prioriterast

Før møtet vil deltakarane få tilsendt ei oversikt over tiltaka og høve til å gi innspel til prioriteringane. Innspel bør vere sende inn før onsdag 2. september.

Møte 3: Kostnader og fordelingsprinsipp

Dato: 14. september
Tid: Kl. 10.00–12.30
Stad: Digitalt møte

Møte 3 handlar om korleis kostnadene ved felles offentleg infrastruktur kan fordelast mellom ulike utbyggingsområde, mellom private aktørar og mellom private og offentlege bidrag.

Tema for møtet:

  • samla kostnadsoversikt for tiltaka
  • prinsipp for kostnadsfordeling og forholdsmessigheit
  • korleis modellen bereknar bidrag mellom ulike delområde
  • samanhengen mellom utbygging, verdiskaping og behovet for infrastruktur
  • dialog om gjennomførbarheit, fleksibilitet og rettvis kostnadsfordeling

 

På førehand vil deltakarane få tilsendt eit forslag til fordelingsprinsipp som dannar grunnlag for diskusjonen.