Invitasjon til samling med Volda FrivilligforumVolda Frivilligforum inviterer til ny samling 3. mars kl. 18.00–21.00. Vi skal servere kveldsmat, difor er det påmeldingsfrist 25. februar.Bilete frå førre samling og Kristine Sofie Orvik Hansen, leiar av Hornindal frivilligsentral. Volda kommune Velkommen til samlingVolda frivilligforum er ein samhandlingsarena for frivillig sektor i Volda kommune. Frivilligforumet har som målsetting å styrke frivillig sektor som samfunnsaktør, og betre samhandlinga mellom lag og organisasjonar og mellom kommunen, frivillig sektor og næringslivet. Vi arrangerer fire møter i året der vi set aktuelle tema på agendaen. Vi ønskjer velkommen til årets første møte, der temaet er beredskap. Eit høgaktuelt tema som naturleg fell inn i Totalforsvarsåret 2026. DATO: 3. mars 2026 TID: 18.00 – 21.00 STAD: Røde Kors-huset, Gamle Engesetvegen 7 Program: Velkommen v/ordfører Sølvi DimmenStatsforvalteren i Møre og Romsdal, Gunnhild Anett Naas, Beredskap i frivillig sektorVolda Røde Kors deler av sitt beredskapsarbeid Beredskapskoordinator i Volda kommmune, Sonja Håvik, informerer om kommunen sitt beredskapsarbeid Gruppearbeid Kveldsmat og sosialt Vi håpar du og andre frå din organisasjon vil vere med! Inviter gjerne også andre du tenkjer kan ha nytte av dette møtet.Sidan vi serverer gratis kveldsmat ønskjer vi påmelding via lenkja under, innan 25. februar. Påmelding Volda Friviligforum 3. mars 2026 Besøk frivilligsentralane si heimeside Publisert 28.01.2026 09:49 Sist endra 30.01.2026 11:16