Kjenner du nokon som vil vere med i Volda demenskor?

Kjenner du nokon som vil vere med i Volda demenskor?

Volda demenskor ønskjer fleire medlemmar og inviterer til songglede og sosialt fellesskap. Haustens øvingar startar 31. august.

Logo med teksten Volda demenskor - Klikk for stort bilete Volda demenskor

❤️ VOLDA DEMENSKOR er eit tilbod til menneske med demens der musikk og songglede i eit sosialt fellesskap står i sentrum. Primært er dette eit tilbod til heimebuande personar med demenssjukdom, men alle i målgruppa er velkomne.

Koret er leia av musikkterapeut Sunniva Ulstein Kayser og dirigent Ingrid Vik Henriksen. Koret har mange frivillige, nokre som medsongarar, andre på kjøkkenet der dei steller i stand til kveldsmåltid etter korøvinga.

Musikkterapeut, dirigent og frivillige gjer sitt beste for at kvar enkelt får delta utifrå kapasitet og behov. Dei som ønskjer å vere med i koret, bør ha med seg ein pårørande, evt. ein aktivitetsvenn.

Det er korøving kvar måndag frå klokka 17 til 19 i musikkromet på Volda Ungdomsskule.

Øvingar hausten 2026 startar 31. august.

Du treng ikkje musikalsk bakgrunn for å vere med i koret.

Om dette er interessant for deg, ta kontakt med:

Kristi Flø 41 20 52 89 eller
Anne-Sofie Egset 97 16 99 15