Kongens bortgang er motteken med stor sorg

Kongens bortgang er motteken med stor sorg

Det er med stor sorg vi i dag har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V er død. Det er lagt fram kondolanseprotokoll på Volda rådhus, som vil vere tilgjengeleg frå kl. 12 i dag for dei som ønskjer å skrive ei helsing.

Hans Majestet Kong Harald V - Klikk for stort bilete Kongehuset.no

Kondolanseprotokoll på Volda rådhus

Volda kommune har lagt fram kondolanseprotokoll på rådhuset for dei som ønskjer å skrive ei helsing og vise si medkjensle.

Kondolanseprotokollen er tilgjengeleg frå kl. 12 i dag.

Kyrkja

Volda kyrkje blir open klokka 16–19 og det blir lagt ut kondolanseprotokoll.

Hornindal kyrkje blir open klokka 16–18 der vil bli høve til å skrive helsing.

Dalsfjord kyrkje blir open klokka 16–18 og der vil bli høve til å skrive helsing. 

 

Blomster

Det blir lagt til rette for at dei som ønsker det kan leggje ned blomster ved trappa til Volda kyrkje.