Kunnskapsgrunnlag for Volda og Ørsta presentert

Kunnskapsgrunnlag for Volda og Ørsta presentert

Volda og Ørsta kommunar heldt 29. oktober felles kommunestyremøte der Telemarksforsking presenterte eit kunnskapsgrunnlag for det vidare arbeidet med framtidig kommunestruktur og samarbeid mellom kommunane.

Ørsta og Volda kommunestyre samla til felles møte - Klikk for stort bileteØrsta og Volda kommunestyre samla til felles møte. Amanda Holstad Ramstad

Kunnskapsgrunnlaget skildrar status for kommunane i dag og peikar på sentrale utviklingstrekk framover. Rapporten vurderer også fordelar og utfordringar knytte til tre moglege alternativ for framtidig organisering: vidareføring av dagens kommunestruktur, utvida interkommunalt samarbeid eller ei eventuell samanslåing.

Oversiktsbilde frå kommunestyremøtet i Honndalshallen. - Klikk for stort bileteFelles kommunestyremøte i Honndalshallen. Amanda Holstad Ramstad

I presentasjonen peika Telemarksforsking på at Volda og Ørsta er tett knytte saman gjennom arbeidsmarknad, næringsliv og offentlege tenester. Samstundes står begge kommunane overfor fleire av dei same utfordringane som mange andre kommunar i landet. Dette gjeld særleg demografiske endringar, tilgang på arbeidskraft og behov for økonomisk omstilling.

Bent Aslak Brandtzæg frå Telemarksforsking på talarstolen. - Klikk for stort bileteBent Aslak Brandtzæg frå Telemarksforsking. Amanda Holstad Ramstad

Rapporten viser at talet på eldre innbyggjarar er venta å auke dei komande åra, medan talet på barn og unge vil gå ned. Dette vil påverke behovet for kommunale tenester og krevje tilpassingar i både organisering og ressursbruk. Telemarksforsking peika også på utfordringar knytte til rekruttering og tilgang på nødvendig kompetanse innan fleire fagområde.

Håvard Moe frå NIVI Analyse.  - Klikk for stort bileteHåvard Moe frå NIVI Analyse heldt innlegget med tittelen "Tid for taktskifte - Bærekraften i Volda og Ørsta kommuner (og kommune-Norge) frem mot 2040" Amanda Holstad Ramstad

Tidlegare KS-rådgivar Håvard Moe sette utviklinga inn i eit nasjonalt perspektiv. Han viste til at mange kommunar opplever dei same utfordringane med ei aldrande befolkning, mangel på arbeidskraft og press på kommuneøkonomien. Moe understreka at kommunane må planleggje for langsiktige endringar, uavhengig av kva løysing dei vel for framtidig organisering.

Ordførar Per Are Sørheim og ordførar Sølvi Dimmen. - Klikk for stort bileteOrdførar Per Are Sørheim og ordførar Sølvi Dimmen. Amanda Holstad Ramstad

Etter presentasjonane vart det opna for spørsmål frå både kommunestyremedlemmer og publikum. Det vart stilt spørsmål om mellom anna lokaldemokrati, innbyggarmedverknad, økonomi, rekruttering, tenestetilbod og den vidare prosessen.

Synnøve Rekkedal Hill stilte spørsmål. - Klikk for stort bileteSynnøve Rekkedal Hill stilte spørsmål. Amanda Holstad Ramstad

Det vart ikkje gjort vedtak i møtet. Kommunestyra i Volda og Ørsta møtest igjen 12. november. Då skal dei ta stilling til om arbeidet skal førast vidare til neste fase, og korleis den vidare prosessen skal organiserast.

Lars Erling Bjåstad Hovlid er prosjektleiar og gav ei innleiing  frå talarstolen.  - Klikk for stort bileteLars Erling Bjåstad Hovlid er prosjektleiar og gav ei innleiing om arbeidet som er gjort så langt. Han viste også fram den nye sida, saman-om-framtida.no Amanda Holstad Ramstad

Saman-om-framtida.no

Sjå opptak frå felles kommunestyremøte

Du kan sjå opptak frå det felles kommunestyremøtet for Ørsta og Volda på KommuneTV. Fellesmøtet og presentasjonane finn du under dei to siste sakene, sak 60/26 og 61/26.

Sjå opptaket på kommuneTV

Sjå presentasjonane på YouTube

Vi har også lagt ut presentasjonane som eigne opptak på YouTube. Her kan du slå på teksting dersom du ønskjer det.

Presentasjon av kunnskapsgrunnlaget: Telemarksforsking presenterer rapporten som er utarbeidd om framtidig samarbeid og kommunestruktur i Ørsta og Volda. Innleiingsvis gir prosjektleiar Lars Erling Bjåstad Hovlid ei orientering om arbeidet som er gjort så langt, før Telemarksforsking presenterer kunnskapsgrunnlaget. 

Sjå opptak av presentasjonen til Telemarksforsking

Innlegg ved Håvard Moe: «Tid for taktskifte – Bærekraften i Volda og Ørsta kommuner (og kommune-Norge) frem mot 2040».

Sjå opptak av Håvard Moe sitt innlegg, Tid for taktskifte

 

Presentasjonane til Håvard Moe og Bent Aslak Brandtzæg

Presentasjonane til Håvard Moe og Bent Aslak Brandtzæg
Tittel Type Storleik
H.Moe_Tid_for_taktskifte_Fellesmøte_29. oktober-2026PDF12 MB
Telemarksforsking Bent Aslak Brandtzæg - Presentasjon 29.10.26 Volda og Ørsta.pdfPDF942 kB