Lansering av nettstad for Heiltidskultur i Volda kommune

Lansering av nettstad for Heiltidskultur i Volda kommune

Frå opninga av Kick-off for Heiltidskultur: F.v.: Ordførar Sølvi Dimmen, hovudtillitsvalde frå Fagforbundet v. Ingunn Svendsen, Norsk Sykepleierforbund v.Lena Sætre, Delta v. Bodil Egset og Utdanningsforbundet v. Cathrin Fremmerlid, og prosjekteigar og personalsjef Berit Lyngstad. - Klikk for stort bileteFrå opninga av Kick-off for Heiltidskultur: F.v.: Ordførar Sølvi Dimmen, hovudtillitsvalde frå Fagforbundet v. Ingunn Svendsen, Norsk Sykepleierforbund v.Lena Sætre, Delta v. Bodil Egset og Utdanningsforbundet v. Cathrin Fremmerlid, og prosjekteigar og personalsjef Berit Lyngstad. Nina Kvalen

Vi ønsker at folkevalde, tillitsvalde, verneombod, tilsette og andre interesserte skal få følgje arbeidet med utvikling av heiltidskultur i Volda kommune, og har oppretta ei heimeside for prosjektet med Heiltidskultur i Volda kommune: https://www.volda.kommune.no/heiltidskultur/

På sida finn du mellom anna informasjon om tiltak og aktivitetar, oppgåvekartlegging, prosjektorganisering, referat frå prosjektmøte, styringsdokument, heiltidserklæring, presentasjonar frå kick-off m.m.

Sida vil bli oppdatert undervegs i prosessen.