Ledig stilling - personal- og organisasjonssjef

Ledig stilling - personal- og organisasjonssjef

Vil du vere med å utvikle Volda kommune som vår nye personal- og organisasjonssjef? Søknadsfrist 18.10.2026.

Volda kommune søkjer ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert personal- og organisasjonssjef.

Som personal- og organisasjonssjef får du eit overordna ansvar for HR, kommunikasjon og dokumentforvaltning. Du får også ei sentral rolle i kommunedirektøren sitt leiarteam og høve til å setje retning for utviklinga av heile organisasjonen.

Vi ser etter ein leiar som får ting til å skje. Du trivst med å drive fram endrings- og utviklingsprosessar saman med leiarar og medarbeidarar, og du evnar å omsetje strategiar til konkrete resultat. Du er trygg i leiarrolla, handterer krevjande saker med integritet, og byggjer tillit gjennom tydeleg kommunikasjon og godt samarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • leie og vidareutvikle kommunen sin arbeidsgivar- og HR-strategi
  • drive leiarutvikling på tvers av sektorar og fagområde
  • styrkje kommunen sitt arbeid med rekruttering, kompetanseutvikling og arbeidsmiljø
  • vere ein sentral støttespelar for leiarar i personal- og arbeidsgivarspørsmål
  • leie utviklinga av digitale og effektive arbeidsprosessar innan fagområdet
  • ha administrativt ansvar for kommunikasjon, dokumentforvaltning og innbyggarservice
  • vidareutvikle system for kvalitet og internkontroll
  • ivareta og utvikle partssamarbeidet
  • bidra aktivt til strategisk utvikling av kommunen som heilskap

 

Du får ansvar for fag, personal, økonomi og resultat innan ditt ansvarsområde.