Neste helg opnar Voldabadet!

Neste helg opnar Voldabadet!

Laurdag 11. januar klokka 11.00 opnar Voldabadet. Då er testperioden over og vi kan endeleg opne dørene for alle!

Fredag 10. januar vert det opningsseremoni for inviterte bidragsyterar, samarbeidspartar og gjestar, 

– laurdag opnar anlegget for alle!

Her er timeplanen slik den ser ut no. Det kan kome endringar då alle avtalar ikkje er på plass.

Timeplan som viser tidene som er sett opp. - Klikk for stort bilete Timeplan

 

Følg på heimesida til Voldabadet, voldabadet.no. Der finn du siste nytt, opningstider, prisar, kurs/aktivitetar og informasjon om korleis du kan kjøpe gåvekort og inngangskort. 

Her er oversikt over prisane på Voldabadet.

Endeleg skal anlegget opne og både barn og vaksne skal få nyte godt av Volda sitt eige flotte badeanlegg.

Endeleg skal barnehagebarna og skuleelevane få symjeopplæring i eit fantastisk flott anlegg! 

På Voldabadet finn du:

  • Stort treningsbasseng
  • Opplæringsbasseng
  • Baby/plaskebasseng
  • Motstraumskanal
  • Sklie med tidtaking (Blir ikkje opna for publikum før den er godkjent)
  • Kaldkulp
  • Badstove
  • Utandørs jacuzzi 

 

Vi gler oss!

Timeplan Excell-fil  (XLSX, 14 kB)