Ny overordna innkjøpsstrategi

Ny overordna innkjøpsstrategi

Volda kommunestyre vedtok 30. mai 2024 ny overordna innkjøpsstrategi for kommunen. 

Strategien gjeld for alle sektorar, avdelingar og seksjonar. Den er forankra i nasjonale og lokale politiske føringar, retningsliner frå sentrale myndigheiter, innkjøpsregelverket og kommunen sitt forbetringspotensiale på innkjøpsområdet.

Hovudmålet i den nye strategien er at alle innkjøp skal vere kostnadseffektive, ha tilstrekkeleg kvalitet, bidra til god tenesteproduksjon, bidra til at kommunen oppfyller sitt samfunnsansvar, støtte opp under kommunens målsetnadar og strategiar, og skape meirverdi for både kommunen og lokalsamfunnet. For å oppnå dette er det definert fem ulike delmål. For kvart delmål er det igjen laga eit målbilete som beskriv ønska situasjon og konkrete tiltak som skal bidra til at kommunen når delmåla.

Her finn du Volda kommune sin nye innkjøpsstrategi 

Kontakt

Andreas Kiperberg
innkjøpsrådgjevar
E-post
Mobil 91 13 75 10