Ny samarbeidsavtale med sanitetslaga i Volda styrkjer beredskapen i kommunen

Ny samarbeidsavtale med sanitetslaga i Volda styrkjer beredskapen i kommunen

Volda kommune og Volda omsorgsberedskapsgruppe har inngått ei ny samarbeidsavtale om omsorgsberedskap. 

Beredskapskoordinator i Volda kommune, Sonja Håvik, saman med representantar frå dei lokale sanitetslaga i Volda sentrum, Hornindal, Austefjord, Vikebygda og Mork. - Klikk for stort bileteOrdførar Sølvi Dimmen og beredskapskoordinator i Volda kommune, Sonja Håvik, saman med representantar frå dei lokale sanitetslaga i Volda sentrum, Hornindal, Austefjord, Vikebygda og Mork. Inger-Johanne Johnsen

Avtalen styrkjer samarbeidet mellom kommunen og dei lokale sanitetslaga i Volda, Hornindal, Austefjord, Vikebygda og Mork, og bidreg til betre førebuing og støtte ved kriser og uønskte hendingar.

Gjennom avtalen blir dei frivillige ressursane frå sanitetskvinnene ein viktig del av kommunen si samla beredskap. Omsorgsberedskapsgruppa kan mellom anna bidra med omsorg og støtte til kriseramma, hjelp ved evakuerte- og pårørandesenter, matservering, informasjonsformidling og andre praktiske oppgåver når behovet oppstår.

Volda kommune ønskjer å rette ei stor takk til sanitetskvinnene for det uvurderlege arbeidet dei gjer for lokalsamfunnet. Deira engasjement, omsorg og vilje til å stille opp skaper tryggleik for innbyggjarane våre og er eit viktig bidrag til eit robust og godt førebudd lokalsamfunn.

Samarbeidsavtalen gjeld frå 1. september 2026 og har ei varigheit på fire år. Samarbeidet er eit uttrykk for den sterke frivilligheita i kommunen og den viktige rolla sanitetsforeiningane spelar i samfunnstryggleiken i Volda.