Volda kommune
Benkane er kortreiste og produserte ved anlegget til Saferoad (tidlegare Vik Ørsta) i Ørsta.
Av dei 14 benkane er seks plasserte langs Elvadalen, tre langs Panoramavegen og dei resterande fem ved bygg og i parkar i sentrum. Benkane er laga for å kunne stå ute heile året.
Dei nye benkane gir høve til å ta ein pause på spaserturen, slå av ein prat med andre eller berre setje seg ned og nyte dagen.
Dette er eit kjekt tiltak som vi er glade for, og vi håpar mange vil ha glede og nytte av benkane i åra som kjem.
Volda kommune