Administrativt framlegg vart presentert for kommunestyret 6. november 2025.
No skal økonomiplanen innom alle politiske utval for uttale og formannskapet skal ha to arbeidsmøte, – før dei skal kome med si innstilling til kommunestyret sitt møte 25.11.25.
Budsjett og økonomiplanen skal då bli sendt vidare til offentleg høyring og ettersyn.
I denne perioden, frå 25. november fram til endeleg vedtak i kommunestyret 18. desember, kan du sende inn dine innspel.
Samleside for årsbudsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029
Send gjerne dine innspel digitalt på ein sikker måte gjennom: eDialog
Du kan også levere innspel til servicekontoret på rådhuset eller per brev til adressa:
Volda kommune
Stormyra 2
6100 VOLDA