Ope møte om områdeplan for Volda sentrum

Ope møte om områdeplan for Volda sentrum

Volda kommune inviterer til ope informasjonsmøte 10. november om arbeidet med områdeplan for Volda sentrum. 

Velkommen til åpent informasjonsmøte om områdeplan for Volda sentrum

Tid: Mandag 10. november kl. 18.00–19.30

Stad: Vikinghuset, 1. etasje, Hamnegata 6

Volda kommune inviterer til eit ope informasjonsmøte om arbeidet med områdeplan for Volda sentrum. På møtet vil konsulenten presentere analyser, planskisser og ulike forslag som er utarbeidd så langt.

Program:

  • Dørene opnar kl. 17.30 – moglegheit for å sjå utstillinga
  • Kl. 18.00: Presentasjon av arbeidet så langt
  • Etter presentasjonen: Opent for spørsmål, samtalar og innspel

Du vil få høve til å:

  • Sjå utstilling med analyser og planskisser
  • Gå rundt og diskutere med fagpersonar
  • Markere på kart med eigne forslag eller gi skriftlege innspel

 

Vi serverer kaffi – vel møtt til ein uformell kveld for framtida til Volda sentrum!

Registreringskart - delområder_til kommunen - Klikk for stort bileteRegistreringskart av delområder_til kommunen. Kartet er henta frå rapport utarbeidd av Grindaker, som skal gi eit kunnskapsgrunnlag for vidare planlegging av Volda sentrum. Grindaker