Oppstart detaljregulering - Ospesletta/Grodåstunet
Med heimel i plan- og bygningslova §12-8, varslar vi oppstart av arbeidet med detaljregulering for leilegheitsbygg på delar av gnr./bnr. 206/10, mellom vegen Ospesletta og bensinstasjonen på Grodås.
Planen har fått tildelt plan-ID 2026001, og har eit førebels planareal på omlag 9 200 m2.
Det er 3Dsmia ved Åse Bergset som skal utarbeide planen på vegne av Hornindal Eigedomsutvikling AS. Forslagsstillar og Volda kommune er samde om at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing. Ytterlegare informasjon om prosjektet, kopi av Planinitiativ, referat frå oppstartmøtet og annan relevant informasjon finn du under fana høyringar og kunngjeringar på Volda kommune si heimeside.
Illustrasjon 3dsmia
Spørsmål eller innspel til planarbeidet kan rettast til Åse Bergset på e-post: post@3dsmia.no. Frist for å kome med innspel til arbeidet med planen er 15. september 2026.
Publisert 17.08.2026 09:31
Sist endra 17.08.2026 09:31