Ørsta og Volda greier ut framtidig samarbeid og struktur

Ørsta og Volda greier ut framtidig samarbeid og struktur

Ordførar i Ørsta Per Are Sørheim og ordførar i Volda Sølvi Dimmen. Ingvild Marie Taraldset

Ørsta og Volda kommunar arbeider saman for å finne ut korleis vi kan organisere seg og samarbeide i framtida.

Den første utgreiinga er no snart ferdig, og den politiske styringsgruppa har lagt fram eit forslag til korleis arbeidet kan halde fram.

Prosjektet ser på tre alternativ for Ørsta og Volda.

Kommunane:

  • Held fram som dei gjer i dag
  • Samarbeidar enda meir
  • Slår seg saman til ein kommune

Det er ikkje teke stilling til om kommunane skal slå seg saman eller ikkje. Kommunestyra skal ta stilling til vegen vidare etter kvart som kunnskapsgrunnlaget og dei ulike delane av arbeidet er klare.

Kommunestyra vil etter kvar fase avgjer om arbeidet skal halde fram.

Bakgrunn

Arbeidet starta etter at kommunestyra i begge kommunane vedtok å greie ut ei mogleg kommunesamanslåing. Kommunane har fått 500 000 kroner kvar i statleg støtte til utgreiinga. Statsforvaltaren har også lova økonomisk støtte til prosjektleiing.

Ei felles tverrpolitisk styringsgruppe med representantar frå begge kommunane leier arbeidet. Telemarksforsking har fått oppdraget med å lage kunnskapsgrunnlaget som skal brukast vidare i prosessen.

Rapport blir lagd fram 29. oktober

Kunnskapsgrunnlaget blir lagt fram for begge kommunestyra i eit felles møte 29. oktober 2026.

Ønskjer å avslutte arbeidet før lokalvalet

Den tverrpolitiske styringsgruppa vurderte tre ulike framdriftsplanar i møtet 31. august.

Gruppa tilrår at arbeidet blir avslutta før lokalvalet i 2027. Det er likevel kommunestyra  som avgjer om denne planen skal følgjast.

Innbyggarane skal få seie si meining

Dersom kommunestyra vedtek å gå vidare, blir innbyggarane involvert i prosessen. Det skal mellom anna gjennomførast ei innbyggarhøyring og fleire analysar.

Etter dette skal kommunestyra avgjere om dei ønskjer å starte forhandlingar om ein intensjonsavtale. Avgjerda skal byggje på rapporten frå Telemarksforsking, innbyggarhøyringa og annan kunnskap som kjem fram gjennom arbeidet.

Dersom begge kommunestyra ønskjer å gå vidare, er planen å halde folkerøysting i slutten av mai 2027. Deretter kan kommunestyra ta endeleg stilling til kommunestrukturen i juni 2027.

Bilde viser ein gruppe med folk som står ute framfor eit grønt tre. Det er litt sol. - Klikk for stort bileteStyringsgruppa med fleire. F.v.: Einar Heltne (tillitsvalt Volda), Thomas Hjelseth (prosjektmedarbeidar), Monika Stokken (tillitsvalt), Lars Erling Bjåstad Hovlid (prosjektleiar), Per Are Sørheim (ordførar Ørsta), Rune Sjurgard (kommunedirektør Volda), Sølvi Dimmen (ordførar Volda), Sverre Leivdal (varaordførar Volda), Kari Flø (kommunedirektør Ørsta), Sindre Rotevatn (politikar Volda) og Odd Magne Vinjevoll (politikar Ørsta). Ingvild Marie Taraldset