Presentasjon frå informasjonsmøte om eigedomsskatt

Presentasjon frå informasjonsmøte om eigedomsskatt

Illustrasjonsbilde av pengemyntar og monopolhus. - Klikk for stort bilete

Gjekk du glipp av møtet i Honndalshallen om innføring av eigedomsskatt? 

Onsdag 12. februar arrangerte Volda kommune eit informasjonsmøte om innføring av eigedomsskatt  i områda Hornindal og Bjørke/Viddal.

Under møtet var Volda kommune representert ved avdelingsleiar for utvikling, Jørgen Vestgarden.

I tillegg vart også ein representant frå Firmaet Injector AS, som takserte eigedomar i desse områda i fjor haust, til stades.

Dersom du gjekk glipp av dette møtet, kan du lese gjennom Vestgarden sin presentasjon om innføring av eigedomsskatt (PDF, 6 MB).

Kva er eigedomsskatt?

Dette er ein kommunal skatt som Volda kommune har vedtatt å innføre. Gamle Volda vedtok å innføre dette frå 2014, medan tidlegare Hornindal vedtok å innføre dette i 2020 i samband med samanslåing med Volda.

Slik er eigedomsskatten i "nye" Volda:

  • 1 promille for 2020 i Hornindal (2 promille 2021).
  • 2 promille for Bjørke-området og "gamle" Volda.

Eigedomsskatten gjeld heile eigedomen og ikkje berre bygg.

Korleis blir eigedomsskatten fastsett?

Det er to former for taksering. Takst er basert på antatt marknadsverdi, som vert henta frå:

  1. Grunnlag frå Skatteetaten
  2. Kommunal taksering

Grunnlaget frå Skatteetaten gjeld berre ordinære bustadar. Dette gjeld derfor ikkje for våningshus, fritidsbustadar og næringseigedom.

Bustadverdi/formuesgrunnlag er basert på antatt marknadsverdi som vert justert årleg.

Meir informasjon om dette kan du finne på Skatteetaten si heimeside.

Kontakt

Jørgen Vestgarden
avdelingsleiar
E-post
Mobil 90 47 09 15
Eli Øye Vassbotn
konsulent
E-post
Mobil 90 03 80 35