Illustrasjon Sisa Invest
Pressemelding 19.10.26
Aasenkvartalet og Volda Utvikling AS – status, økonomi og vegen vidare
Det har den siste tida vore stor merksemd rundt Volda Utvikling AS og prosjektet Aasenkvartalet. Fleire medium har bede om innsyn i økonomien og spørsmål knytte til organiseringa av prosjektet. For å sikre lik informasjon til alle legg kommunen og selskapet no fram samla dokumentasjon og bakgrunnsmateriale.
Målet er å gi media og innbyggjarane eit breiast mogleg faktagrunnlag om prosjektet, kostnadene og vurderingane som ligg til grunn.
Kvifor vart prosjektet etablert?
Bakgrunnen for Aasenkvartalet var eit langsiktig ønskje om å styrkje høgskuleområdet og leggje til rette for fleire arbeidsplassar, innovasjon og næringsutvikling i Volda.
Prosjektet voks fram etter arbeid mellom Høgskulen i Volda, Møre og Romsdal fylkeskommune, næringslivet og kommunen. Eit sentralt mål var å etablere ein kunnskapspark knytt til høgskulen, slik dei fleste andre høgare utdanningsinstitusjonar i landet har tilgang til. Kommunen vurderte dette som viktig for å styrkje samhandlinga mellom utdanning, næringsliv og offentleg sektor.
Etter kvart vart hotell- og konferansefunksjonar ein del av prosjektet. Vurderinga var at dette kunne styrkje både høgskulen, sjukehuset, idrettsanlegga og næringslivet i området.
Kvifor eit kommunalt utviklingsselskap?
Kommunestyret valde å etablere Volda Utvikling AS som eit kommunalt utviklingsselskap for å arbeide med prosjektet.
Utvikling av større eigedoms- og samfunnsprosjekt skjer i ein marknad og krev kompetanse innan eigedomsutvikling, finansiering, forhandlingar og kontraktsarbeid. Formålet med selskapet var å samle denne kompetansen og arbeide innanfor rammene kommunestyret hadde sett.
Prosjektet har samstundes vore politisk forankra gjennom kommunestyret, medan formannskapet har fungert som generalforsamling.
Kva har pengane gått til?
Volda Utvikling AS finansierer arbeidet gjennom ein kassakreditt med ei øvre ramme på 15 millionar kroner. Per i dag er om lag 12 millionar kroner nytta.
Samla påløpte kostnader i perioden 2021–2025 utgjer 10 872 000 kroner, fordelte mellom anna på:
- arkitektkonkurranse og prosjektutvikling
- arbeidande styremedlemmar
- løn og styrehonorar
- finanskostnader
- andre driftskostnader
Detaljert spesifikasjon går fram av vedlagde rekneskap og kostnadsoversikter.
Fullt innsyn i grunnlaget
For å bidra til størst mogleg openheit legg kommunen og selskapet fram:
- saldobalanse
- leverandørlister
- resultatrekneskap
- balanse
- kostnadsoversikter
Dokumentasjonen byggjer på reviderte rekneskap.
Vi opplyser også om at sentrale opplysningar om prosjektet samla på Aasenkvartalet si temaside på Volda kommune sine nettsider, med informasjon om bakgrunn, status, organisering og økonomi.
Etablering og formelle forhold
Det har vore hevda at selskapet mangla nødvendige styringsdokument ved etableringa.
Kommunen vil presisere at selskapet vart etablert med vedtekter og skipingsdokument på plass. I samband med kontrollutvalet si behandling av saka vart det innhenta juridiske vurderingar. Det vart peika på enkelte formelle manglar knytte til dokumentasjon og protokollføring, men kommunedirektøren vurderte desse som formalfeil utan betydning for gyldigheita av etableringa. Forholda vart følgde opp og retta opp.
Arbeidande styremedlemmar
Generalforsamlinga har ved fleire høve vurdert organiseringa av selskapet og kome til at arbeidande styremedlemmar har vore meir kostnadseffektivt enn å tilsetje dagleg leiar i den fasen prosjektet har vore i.
Det er viktig å presisere at honorara som går fram av kostnadsoversiktene er brutto fakturerte beløp og ikkje direkte samanliknbare med løn. Styremedlemmane dekkjer sjølve kostnader til mellom anna kontor, pensjon, forsikringar og administrasjon før eventuelt lønsuttak.
Avtalane er behandla og godkjende av generalforsamlinga. Styremedlemmane har ikkje inngått avtalar med seg sjølve.
Kontroll og tilsyn
Prosjektet og selskapet har vore behandla av kontrollutvalet ved fleire høve.
Leiar i kontrollutvalet uttala til media 16. oktober 2026 at kontrollutvalet ikkje hadde funne grunnlag for å rapportere kritikkverdige forhold til kommunestyret knytt til Volda Utvikling AS.
Vegen vidare
Prosjektet står i dag i ei krevjande fase, og det vil vere ulike syn på både prosjektet, risikoen og vegen vidare.
Målet med denne pressemeldinga er ikkje å konkludere i den debatten, men å leggje fram dokumentasjon og fakta slik at innbyggjarar og media kan gjere sine eigne vurderingar på eit best mogleg opplyst grunnlag.
Sølvi Dimmen, ordførar i Volda kommune