Det vart gjennomført ekstraordinær generalforsamling i Volda Utvikling AS 20. oktober 2026.
Den siste tida har det vore stilt spørsmål i media om etableringa og drifta av Volda Utvikling AS. Dette var bakgrunnen for den grundige gjennomgangen av historiske forhold knytt til selskapet i generalforsamlinga si sak 4, før generalforsamlinga gjorde sine vedtak. Volda kommune har tidlegare publisert svar og dokumentasjon om saka på kommunen sine nettsider. https://www.volda.kommune.no/tenester/naring-og-skatt/utviklingsprosjekt-i-volda/aasenkavartalet#faqsporsmal-9306
Generalforsamlinga står fast ved sine tidlegare vurderingar om at det ikkje er gjort noko som er i strid med verken aksjelova eller regelverket for offentlege anskaffingar. Generalforsamlinga meiner den valde forretningsmodellen har vore den beste og mest kostnadseffektive løysinga for selskapet, og at dei avtalane som er inngått, har vore både lovlege og forsvarlege. Generalforsamlinga står samla bak dei vurderingane som er gjorde om selskapet, og dei konklusjonane som kjem fram i vedtaket.
Generalforsamlinga behandla vidare status for selskapet og det vidare arbeidet med Aasenkvartalet. Utviklinga den siste tida har ført til endra føresetnader for prosjektet, og generalforsamlinga meiner prosjektet no må vurderast i ein ny kontekst. Inntil rammevilkåra betrar seg, skal selskapet halde eit lågt aktivitets- og kostnadsnivå. Samstundes vart kostnadsnivået redusert gjennom justering av avtalane med arbeidande styremedlemmer.
Generalforsamlinga uttrykte tillit til styret og vedtok å forlenge samarbeidsavtalen med Sisa Invest AS til 31. desember 2027.
Pressemeldinga er utarbeidd på vegner av generalforsamlinga i Volda Utvikling AS og oppsummerer dei samla vurderingane og vedtaka i sak 4, 5 og 6.
For å sikre openheit om saka vert protokollen frå generalforsamlinga lagd ved i sin heilskap.
Vedlegg
På vegner av generalforsamlinga i Volda Utvikling AS
Sølvi Dimmen
Ordførar i Volda kommune