Offentleg ettersyn – Årsbudsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030

Formannskapet si innstilling til årsbudsjett 2027 og økonomiplan 2027–2030 er no lagt ut til offentleg ettersyn. 

Fristen for å kome med merknader er 16. desember 2026. 

Regional fagdag innan kreft og palliasjon i Volda 18.11.2026

Regional fagdag innan kreft og palliasjon i Volda 18.11.2026

Volda filmteater var nyleg arena for ein vellukka regional fagdag innan kreft og palliasjon.

Anne-Kristin Rostad og Laila - Klikk for stort bileteF.v.: Laila Skjelvan frå KLB og kreftkoordinator Anne-Kristin Rostad Mariann Brekke

Fagdagen var eit samarbeid mellom Regional kompetanseteneste for lindrande behandling ved St. Olavs hospital og kreftkoordinator i Volda kommune. Kreftforeningen og Statsforvalteren i Trøndelag var også bidragsytar med økonomisk støtte og innlegg under fagdagen.

Regional fagdag i kreft og palliasjon - Klikk for stort bilete Anne-Kristin Rostad

Arrangementet samla om lag 70 deltakarar, i tillegg til foredragshaldarane, og viste det store engasjementet som finst for fagfeltet i regionen. Heile 13 kommunar var representerte, saman med dei tre sjukehusa i regionen; Ålesund sjukehus, Volda sjukehus og SNR.  

Deltakarane representerte eit breitt spekter av yrkesgrupper, mellom anna sjukepleiarar, legar, helsefagarbeidarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og andre fagpersonar som arbeider med kreftomsorg og palliasjon. Dette gav ein viktig møteplass på tvers av kommune- og spesialisthelsetenesta, der deltakarane kunne dele erfaringar, bygge nettverk og styrke samarbeidet til beste for pasientar og pårørande.

Gjennom dagen fekk deltakarane ta del i fagleg oppdatering, aktuelle tema og inspirerande innlegg frå dyktige foredragshaldarar. Fagdagen understreka kor viktig samarbeid, kompetansedeling og felles møteplassar er for å vidareutvikle tenestene innan kreft og palliasjon i regionen.  

Bilete frå salen  - Klikk for stort bilete Anne-Kristin Rostad

Arrangementet synte tydeleg at interessa for fagfeltet er stor, og at det finst eit sterkt fagmiljø som arbeider for å sikre god omsorg og behandling for pasientar og pårørande i alle delar av helsetenesta.

I tillegg til flotte foredragshaldarar vil arrangørane rette ein stor takk til dei frivillige som stilte opp med bevertning og praktisk hjelp.

Dei frivillige frå Volda sanitetslag, Hanna-Sølvi Lillås og Kristin Hetle saman med pensjonerte kreftsjukepleiarar, Mariann Brekke og Sigrid Hoslemo Myklebust. - Klikk for stort bileteDei frivillige frå Volda sanitetslag, Hanna-Sølvi Lillås og Kristin Hetle saman med pensjonerte kreftsjukepleiarar, Mariann Brekke og Sigrid Hoslemo Myklebust. Anne-Kristin Rostad