Sjukehusvegen blir fresa i veke 38

Sjukehusvegen blir fresa i veke 38

Volda kommune vil i veke 38 frese asfalten i Sjukehusvegen. 

SjukehusVegen - Klikk for stort bilete Volda kommune

Vegen er hovudinnfartsvegen til Volda sjukehus, og tiltaket blir gjennomført for å betre framkomelegheita og redusere problema med humpar og ujamn vegbane.

Samtidig arbeider kommunen med planar for ei større oppgradering av Sjukehusvegen. Målet er å etablere fortau langs vegen for å betre tryggleiken for dei mange mjuke trafikantane som ferdast i området. Før eit slikt prosjekt kan gjennomførast, må det på plass nødvendige grunnavtalar med grunneigarar og kommunal finansiering.

Kommunen arbeider aktivt med å finne gode løysingar, men ei endeleg avklaring ligg framleis noko fram i tid. Det vil difor ikkje bli lagt ny asfalt etter fresinga.

Bakgrunnen er at kommunen vurderer å samordne oppgraderinga av vegen med utskifting av vatn- og avløpsleidningar i Sjukehusvegen. Dersom prosjektet blir vedteke, er gjennomføring tidlegast aktuell våren 2027.

Den endelege avklaringa om vidare oppgradering og finansiering er venta tidlegast i samband med budsjetthandsaminga i desember.

Fresinga av vegen er heller ikkje ei dobbel utgift for kommunen. Kostnaden med å fjerne asfalt ville uansett kome i samband med framtidige gravearbeid i vegen. Tiltaket gir difor betre køyreforhold på kort sikt, samstundes som det kan inngå som ein del av det vidare arbeidet med oppgradering av Sjukehusvegen.

Fram til vidare vil fresinga bidra til ei jamnare og meir komfortabel ferdsel for trafikantar til og frå sjukehuset.