Snarvegar i Volda kommune ved Bjørnevegen-Plassevegen
Volda kommune
I 2023 utarbeidde Volda kommune ei oversikt over snarvegar i kommunen. Desse vart kartlagde og kostnadsrekna med tanke på enkel oppgradering og synleggjering gjennom skilting. I etterkant har tenesteutvalet for forvaltning og utvikling (TFU) prioritert ressursar til tiltaket ved hjelp av trafikktryggingsmidlar. Kommunen søkte også om tilskot frå Statens vegvesen til tryggare skulevegar, og fekk innvilga 250.000 kroner i 2025.
Arbeidet startar sommaren 2025 og vil halde fram utover hausten. Oppgraderingane følgjer i hovudsak prioriteringa frå oversikta som vart utarbeidd i 2023, og vil omfatte nytt grusdekke, vegduk, betre avleiing av overflatevatn og skilt i kvar ende som markerer kvar snarvegen byrjar og sluttar.
Volda kommune håpar at snarvegane vil bli flittig brukte av innbyggjarane – både til kvardags og til tur.
Utvalte snarvegar - prioriteringsliste hausten 2023 (PDF, 19 MB)
Illustrasjon